SJÅ VIDEOEN NEDST I SAKA

Saman med eldstesyster Guri sin sambuar Sigurd Brørs, i ein konstellasjon kalla The systers and the Brørs, har systrene laga ei romantisk tilnærming til Snowden-saka.

Personleg asyl

Sigrid spelar Sigrid i videoen, og presenterer eit slags politisk frieri, ståande på ski ned Lokkarvegen, gjennom Vigga frå Samlingshaugen. Bodskapen går beint til den amerikanske varslaren, som mot eit namnebyte og giftarmål, skal få personleg asyl hjå Sigrid i Eremittbue på Lesja.

Der blir han lova litt av kvart, og saman skal dei "hacke Barack", høyre på vinyl og dele Lypsyl ...

Alt til fengande toner, som lett set seg. Sigurd Brørs står bak musikken og spelar alle instrumenta, medan Sigrid syng hovudvokal. Teksta har trioen laga saman.

- Blir det noko satsing på band, eller?

- Nei, dette er nok ein fritidssyssel og hobby. Det er ganske vanskeleg å leva av å gje ut musikk i Norge, så det er ikkje store kommersielle forhåpningar, nei, seier Sigrid.

Feigskap frå Norge

Under den humoristiske tonen i musikkvideoen ligg det likevel politisk alvor, fortel Sigrid.

- I botnen ligg jo meininga vår om at han bør få asyl i Norge. Vi er overraska over feigskapen til Norge overfor USA i denne saka. USA er ellers ikkje så seine med å fordøma andre land som bryt menneskerettane, seier ho.

Teksta og songen vart til for eit år sidan. Den fine vinterstemninga innbaud til videoproduksjon i jula, og til å lage Snow-den (Snø-hule/sjoholo).

- Eg ventar jo eigentleg å få respons frå Snowden, eg trur han har oversikt over YouTube. Eg reknar også med at han brukar analogt utstyr for å svare, for å vera på den sikre sida, seier Sigrid.

Ho meiner Eremittbua må vera ein fin plass å gøyme seg på, og i videoen syner den seg også å vera svært romsleg inni ...

FAKTA:

Edward Snowden (30) vart i 2013 verdskjent, for å ha delt store mengder topphemmelege dokument frå amerikansk etteretning, med mediehus over heile verda. Dokumenta avslørde mellom anna at USA overvaka telefonane til europeiske toppleiarar. Snowden søkte asyl i ei rekkje land, deriblant Norge, men fekk avslag her, fordi han søkte frå eit anna land.

Sigrid (29) og Guri (36) Sørumgård Botheim gav i fellesskap ut boka Ramstein Pensionat i 2009, i 2011 gav dei ut boka Søsken, i lag med eit anna syskenpar.

Sigrid er utdanna klassisk pianist, studerer nordisk litteratur og bur no i Berlin, der ho arbeider med ein mastergrad.

Guri har vore redaktør for magasinet Ratatosk sidan 2004, og arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Bur i Trondheim.

Systrene skriv òg fast humorside i vekeavisa Dag og Tid. I 2013 var dei festspeldiktarar på Dei nynorske festspela i lag med Lars Petter Sveen.

Kjelder: NRK, Wikipedia, Samlaget, Sigrid S. B.