Da Håkon Noren (22) frå Lora fløtte til Trondheim for å studere filosofi hausten 2015 hadde han knappast høyrd om ISFiT (International Student Festival in Trondheim). Ikkje lenge etter var han teke opp i styret, og denne helga krona han verket med utdeling av Studentenes fredspris til Hajer Sharief.

Hardt, men givande arbeid-Eg hadde vore på kikk etter noko nytt å engasjere meg i, etter at eg ikkje lenger hadde moglegheit til å vere like aktiv i Oppland AUF, og rett etter fadderveka kom eg i prat med Amal, som er tematisk leiar i ISFiT, minnast Noren. Han let seg overtale, og Håkon søkte kort tid etter om å bli leiar for Studentenes fredspris, ein eiga seksjon i ISFiT. Gjennom sitt engasjement har Håkon Noren fått æra av å besøke årets vinnar, Hajer Sharief, eit spennande og omfattande prosjekt, i og med at ho lev i skjul av omsyn til eigen sikkerheit i kjølvatnet av sine handlingar.  Han har og fått lov til å møte, og jobbe i lag med den forrige vinnaren, Aayat Alqormozi, som mottok prisen i 2015 etter at ho 23 år gamal vart dømd til fengsel for ulovlige ytringar mot regimet i heimlandet Bahrain. Han har og fått med seg mellom anna ein tur til New York, møter med den norske FN-delegasjonen, oppstart av eit fredsprosjekt i Øst Timor, og han har vore tilstades under utdelinga av Nobels fredspris i to år. Opplevingar som er få forunt, men som likevel bleiknar mot kjensla av å sjå at ISFiT og Studentenes fredspris fungerer, meiner Noren.Hajer Sharief fekk årets prisÅrets vinner – den tiande i rekka - er Hajer Sharief (23) frå Libya. Sharief opplevde bombane og borgarkrigen i Libya i samband med den arabiske våren i 2011. Etter det har den unge jusstudenten bidrege aktivt til inkludering av kvinner i fredsbyggande arbeid. Ho har, tross sin unge alder, bygd opp ein eigen organisasjon i heimlandet, og jobbar no saman med både Kofi Annan og Ban Ki-moon. Ho står bak nettverket «Together We Build It» i Libya. Ved å ta initiativ til dialog og samle ulike grupperingar i eit ustabilt land, har ho jobba med alt frå lokalt organisasjonsarbeid på bakkenivå, til internasjonalt engasjement mellom anna i FN der ho sit i ei arbeidsgruppe som skal vidareutvikle sikkerhetsrevolusjon 2250 om Unge, fred og sikkerhet. Noren meiner arbeidet med ISFiT er særs viktig. - Vi får 460 studentar frå 107 ulike land til å møtast og tale saman om diskriminering. Eg trur dette utvidar horisonten til både deltakarane og dei rundt 500 frivillige som er med å organisere dette. For å ikkje tale om alle vertene i Trondheim som har deltakarar som bur heime hjå seg, seier han.

Les meir om saka i kommande papiravis.

ISFiTInternational Student Festival in Trondheim

  • ISFiT ble første gang arrangert kort tid etter Berlinmurens fall, for 25 år siden.

  • Møter mellom unge europeere ble ansett som viktig fro Europas fremtid.

  • I dag er ISFiT verdens største internasjonale studentfestival, og samler i år 450 studenter fra hele verden.

  • Over 400 frivillige studenter i Trondheim er med

  • ISFiT er en arena hvor studenter fra hele verden møtes til diskusjon, debatt, kultrelle opplevelser og nettverksbyggig for å kunne håndtere konflikter lokalt, nasjonalt og internasjonalt som fremtidens ledere.

  • ISFiT blir kvart andre år bygd opp frå botn av, ved at Storsalen på Studentersamfundet vel ein president, som så tek opp eit styre.