Rånåvær Hanne Mona Rindseter Bakken har flagga ut fotoarbeidet sitt til bygdehovudstaden, og har no innreidd fotostudioet sitt på den gamle postsorteringa. No har ho gjort klart fleire forskjellige fotoveggar for fotografering.

- Det er godt at det står klart, seier ho.

Dette er en fotoball som har rulla i nokre år. Det starta med at det var kjentsfolk som hadde lagt merke til at Hanne Mona var ein kløpper med kameraet, som spurte om ho ikkje kunne ta bilder av dei. Etterkvart har dette balla på seg, slik at det er mange babyar som har foreviga seg hjå henne.

- Det har også vorte bilde av fleire familiar, brudepar, konfirmantar. Og mykje natur, fortel ho.

Hanne Mona sterkar under at flyttinga av fotostudioet til Lesjaskog ikkje betyr noko storsatsing.

- Eg har hatt ein fotovegg i ei stove heime, men så trengte vi den plassen sjølve. Eg har hatt det på Rånå skule, men det var ikkje ideelt. Når eg fekk tak i desse lokala var det midt i blinken, seier ho.

Eit stort ljost rom, med store vindauge er midt i blinken. Redigeringa skjer heime, i ro og mak. Gjerne utover kvelden.

Blir inspirert

Det er babyar som er favorittmotivet. Her får ho mykje inspirasjon gjennom andre fotografer, og det sosiale mediet Pinterest.

- Eg likar å herme etter dei eg synes er gode, og sjå om eg får det til, seier ho.

Det første digitale speilreflekskameraet fekk ho til 25 års dagen. Det aller første kameraet som var hennar fekk ho da klassa i Heidal skulle på skuletur til Fevik i 6. klasse. Allereie da var det ei interesse for foto. Da den ferdigframkalla filmen kom fram vart mora fortusta. Her var det flotte bilder av naturen, men svært få av folk.

- Ho ville så gjerne sjå korleis eg hadde hatt det, fortel Hanne Mona.

Sidan har ho lært mykje. Både av seg sjølv, av bror Lars Ola og av medlemskap i Rauma fotoklubb.