- Vi er ei foreining som jobbar for det nære og kjære, og dykk er blant dei kjæraste vi har, sa kasserar Grete Haug då ho overrekte sjekken på tjue tusen kroner saman med ei nydeleg blomsterhelsing.

- Tusen takk, det kjem utruleg godt med, svara lege Torbjørn Mæhlum.

Han fortalde at dagleg drift i stiftinga Norsk luftambulanse er statleg finansiert, men at stort sett all framdrift, som forsking og ulike nyvinnangar både medisinsk og teknisk er finanisert av medlemmane og gjennom gåver som denne.

Påskeferie, ei veke etter

- Vi er glad de tok dykk tida til å ta turen over fjellet, sa karane på basen.

- Åja, vi tenkte at vi har betre tid enn dykk, svara damene.

Med helikopter bruker dei kring åtte minutt frå Dombås til Sjårdalen, og er difor er nær og naudsynt teneste også der, dersom uhellet skulle vere ute.

Mæhlum fortel at dette har vore ei roleg veke på basa på Dombås, men at påska baud på fleire krevjande oppdrag. Mellom anna fleire lårbeinsbrot, og stygge ulykker i skianlegg.

- Vi var mellom anna involvert i ei alvorleg ulykke på Sjusjøen, som har vore omtalt i media, der utfallet dessverre vart at ei tolv år gamal jente miste livet. I tillegg har vi stor aukning i sjukdomstilfelle i høgtider, der store folkemasser forflytt seg frå byane til vårt distrikt, fortel Mæhlum.

Forkomne fjellfolk

Fleire av damene fortel at dei av personleg erfaring veit kor viktige minutta kan vere somme gonger.

- Eg bur så eg ser bort mot Besseggen, og eg må seie dykk imponerar meg der, sier ei. Pilot Lukas Olsen anslår to redningsaksjonar der vekentleg i sommarsesongen.

- Da yter vi litt service, det er ikkje alle desse pasientane som er alvorleg skadde. Men mange er kalde og forkomne, og det tek oss halvtanna minutt å frakte dei i tryggleik på Gjendesheim, mot for at ei fotpatrulje frå Raudekrossen skal bruke heile dagen på oppdraget, seier han.

Karane lovar at pengegåva skal brukast godt, slik at tilbodet til folk både i vårt disktrikt og i heile landet blir enda betre i tida framover.