Morgonhelsing frå oss innpå Gautåsætrom. Stri nordavind og snødrev møtte oss da vi kom på høgkant. Kong vinter varslar oss om kva vi har i vente, skriv vertinna Guri Ruste på Facebook.

Ho nemner eit fyste varsel, for snøen har minka mykje allereie, og brøytebilen har brøytt over fjellet. Vinden har løya litt, og tre og kjerr er i ferd med å reise seg att, skriv ho.

– Brøytbilen for over fjellet nå. Og snøen har minka. Det er i ferd med å gå over i regn, men det er nok tida for vinterdekk, seier Guri Ruste til Vigga i morgontimane.