Forvaltningsstyret i Lesja godkjende reguleringsplanen for E136 Stuguflåten-Rødstøl. o er planen ute på høyring. Statens Vegvesen vil bygge trefeltsveg med krabbefelt opp den bratte Brustaulia, i ei lengde på omlag 4300 meter. Den totale lengda på prosjektet er på 4800 meter.

- Det positive for Lesja er at det vert bygd noko gangveg, frå Stuguflåten og ned til avkøyringa mot Brude og Sandgrovbotn, seier leiar i forvaltningsstyret, Marita Lindbom (Ap).

Her vil sykkelvegen gå vidare opp mot Brude, og langs gamle kongeveg vidare mot Verma. I Lesja blir vegen stort sett utvida på nordsida frå Stuguflåten til fylkesgrensa.

500 millionar

På den mest kritiske strekninga i høve til Rauma elv og Stuguflåten jernbanebru blir vegen flytta inn i terrenget. I Lesja er det tilrettelagt med tre parkeringsplassar/utsiktspunkt. Stuguflåtbrua vert ikkje direkte berørt av tiltaket, men det vert ny undergang for E136. Vegbana skal utvidast mot nord og nytt kryssingspunkt vil ha større opning enn det vi ser i dag.Endeleg kostnad er ikkje avklara, men vil vera rundt 500 millionar kroner. Prosjektet ligg inne på Nasjonal Transportplan (NTP). Statens Vegvesen vil halde eit ope informasjonsmøte i løpet av høyringsperioda.