Kvotedrøftingane mellom landbruket og staten fann stad måndag. Partane blei samde om halde kvotetala på same nivå som i dag.

Partane valde å vidareføre forholdstal for disponibel kvote på kumjølk til 0,98 og forholdstal for geitemjølk på 0,96. Tala indikerer kor stor del av kvoten bonden kan levere, opplyser Norges Bondelag til NTB.

Ny vurdering

– Det avgjerande for Norges Bondelag har vore å dekke mest mogleg av marknaden med norsk mjølk produsert på norske ressursar, og å gi mest mogleg stabilitet for bonden. Ei vidareføring av forholdstala vi har i dag er den beste måten å sikre dette på, seier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.

Noregs Bondelag skriv at markedsregulator Tine anslår eit mjølkebehov på 1498 millioner lite kumjølk neste år, og med eit forholdstall på 0,98 vil Tine kunne forvente eit mottak av rundt 1491 millioner liter kumjølk. Årets dårlige avlingar har bidrege til mindre produksjon av fôr i delar av landet, og dette gjer at det er ei viss usikkerhet om kor stor produksjonen kan bli neste år. Noregss Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ba derfor i mandagens møte om at situasjonen vert vurdert på nytt i første halvår av 2018.