I fjor hadde dei berre ein time i veka med Mat og Helse, mot tre dagar i år. Det er tradisjon ved skulen at elevane to gonger for året held kantine for resten av skulen pluss nokre andre i nærleiken. I år var Vigga med da tre elevar gjekk gjennom blåst og vind med frukt, vaflar og baguettar til dei ansette i barnehagen. Og dei vart godt motteke på alle avdelingane. I kantina på skulen var det fjerde- og sjuandeklasse som fekk smake på det sjetteklassingane hadde å by på torsdag.