Marta Gangsås Berstad frå Lesja fekk denne veka pris for beste medieproduksjon i Fritt Ords konkurranse for VGS, der temaet var propaganda.

Fritt Ord arrangerer ei årleg konkurranse der ungdom kan sende inn sine bidrag med fokus på eit tema. Årets tema var propaganda. Berstad sitt bidrag til konkurransen var ein videosnutt på 5 minutt om korleis barn og ungdom blir utsett for kroppspress gjennom reklame og flittig mobilbruk i kvardagen.

I det juryen kallar for eit «videoessay om kroppspress» får vi eit innblikk i kvardagen til ein ung mobilbrukar, som i dette tilfellet er Berstad sjølv. Ho tok utgangspunkt i sin eigen kvardag, men med tanke på at dette kan appellere til kven som helst.

På bakgrunn av eigen sjukdomMotivasjonen bak videoen var at Berstad sjølv slit med eteforstyrring.

– Eg slit med anoreksi, og blir lett «trigga» av reklame med fokus på kropp, fortel ho.

Ho meiner at barn og unge blir påverka ubevisst av reklame, sjølv om man nødvendigvis ikkje er klar over det. Ho ynskjer å få fram at det ikkje bør være slik.

Videoen har ho satt saman på eige hand og hadde ein klar visjon om kordan den skulle være.

– Eg hadde alt klart i hovudet, og brukte ein dag på å filme, fortel ho. Ho har frå tidleg av vore svært open om problemet, noko som gjorde det enklare å skape videoessayet sitt.

Oppfordring gjennom skulenNorsklærar ved Nord-Gudbrandsdal VGS avd. Dombås, Ola-Matti Mittigård, har lenge vore svært opptatt av Fritt Ord og kva dei står for når det kjem til ytringsfridom. Kvart år oppmodar han elevane sine til å skape sine eigne bidrag i samband med «Fritt Ord»-konkurransen, men det er opp til eleven sjølv om ein ynskjer å konkurrere med det.

Mittigård meiner Berstad sitt bidrag er aktuelt og sterkt, og glad for at juryen såg kvaliteten.

– Marta er modig og sterk som tør å stille med sitt bidrag, fortel han. Han meiner unge, modige personar som har noko å si er svært aktuelt i dagens samfunn. Han oppfordra alle elevane til å la seg inspirere av Marta og hennar openheit.

Det var høgt nivå under årets konkurranse, med heile 100 deltakarar meir enn i fjor.

Vinnaren fekk ein premie på 20.000 kronar og ein studietur til Strasbourg, er dei skal besøkje Europarådet, Menneskerettsdomstolen og EU-parlamentet. 255 bidrag kom inn til konkurransa i år, det er ny rekord.

Vinnaren var gratulert av avdelingsleiar Dirk Wolf under ei markering på Dombås vidaregåande skule fredag.