Om du i løpet av dei neste par vekene skulle møte på ein gjeng raudkledde ungdommar som oppfører seg utanom det vanlege, er det mest sannsynleg russen som er på ferde.

Gjennom russetida gjennomfører russen ei rekke ulike prestasjonar, kalla russeknutar, som blir lønna med eit objekt knytt fast i lua. På Dombås er det ikkje noko unntak, og knutesjef Martine Haugen og Andrea Vorkinn har gjort sitt for å lage ei liste som er skreddarsydd for skulen.

I tillegg til å følge en standard mal for hele landet, har Dombås-russen også sine egne interne knutar. Med #MeToo-kampanjen friskt i minnet har det også blitt gjort nokon ytterlegare justeringar.

- Vi tenkte å ikkje være for drøye. Mange veljar å fjerne knutane som har med sex å gjere, men vi har tenkt litt annleis. Vi har ein knute som seier at man ikkje skal trakassere gjennom russetida, fortel Vorkinn og Haugen.- Vi er en ganske snill gjeng, legg dei til.

Her er den fullstendige lista med russeknutar for Dombås:

  • §1 // KNUTE PÅ LUETRÅDEN24 timar (86 400 sekund) utan å sove.

  • §2 // SIKKERHETSNÅLBe om sextips frå mora til ein medruss.

  • §3 // LINJALSit under pulten ein heil skuletime.

  • §4 // ISPINNEBad utandørs før 1. mai.

  • §5 // BOKSSPLINTENDrikk ein halv liter (eventuelt 0,33 l) medan du sit/står og tissar.

  • §6 // GODTERIBURGAREt ein cheeseburgar på to bitar.

  • §7 // STJERNE I BREMMEN PÅ RUSSELUAHa sikker sex i løpet av russetida.

  • §8 // CHAMPAGNEGLAS I PLASTReis deg kvart femte minutt i ein skuletime og rop:” Skål!”.

  • §9 // “L”Sett ein “L” (for øvingskøyring) bakpå ein offentleg tenestebil.

  • §10 // KONGLEHa sikker sex utandørs.

  • §11 // GULLKONGLAHa sikker sex utandørs i eit tre.

  • §11 // SMOKKKlin med ein fyrsteklassing (VGS).

  • §12 // LEIKEBILKøyr 10 rundar i ei rundkøyring med russebilen.

  • §13 // BRUSKORKVær edru gjennom heile russetida.

  • §14 // BOKBINDVær aktiv i ein hel fyrsteklasse-time (VGS).

  • §15 // FLØYTELeik hundehviskar med hunden til ein framand.

  • §16 // BIT AV SKILTETSit saman med andre medruss i ei rundkøyring og ha eit skilt der det står: “Ein tut, ein skål!”.

  • §17 // LEIKESPADEOkkuper ein leikeplass med éin eller fleire medruss i ein time.

  • §18 // UÅPNA KONDOMIkkje ha sex gjennom heile russetida.

  • §19 // BALLONGKlin med ein bror eller syster til ein venn (over 16 år).

  • §20 // KONDOMPAKKEKjøp ei pakke kondomar kunn ved hjelp av kroppsspråk.

  • §21 // REFLEKSHa radarkontroll med hårfønar og refleksvest i 50- eller 60-sona.

  • §22 // VASELINBOKSSi ”nei takk” til alle du møter i løpet av ein time, som om dei er prostituerte.

  • §23 // TAMPONGPutt 2 tampongar i munnviken og drikk ein halvliter øl/cider/rusbrus.

  • §24 // LITEN BLOMSTHa seksualundervisning for fyrsteklasse der du demonstrerer bevegelsane i praksis.

  • §25 // ØLKORKDrikk ei kasse 0,33-liter øl/cider på 24 timar.

  • §26 // MARIEKJEKS ;-)Ha ein 5 minuttars poledance på ein tilfeldig lyktestolpe.

  • §27 // SWIX-TUBEGå på ski frå skulen til vinmonopolet.

  • §28 // RØD KNAPPAlltid ha på russebuksa når du befinn deg på ein offentleg stad.

  • §29 // TAUSTUMPGå med ein annan russ i band ein heil skuledag.

  • §30 // NAVNELAPPKall alle gutar Kjell-Magne og alle jenter Turid, ein heil dag.

  • §31 // ANTIBAC-EMBALASJESjekk deg for kjønnssjukdommar.

  • §32 // ROSA FJÆRKlin med ein russ av same kjønn.

  • §33 // SKOLISSEKrabb frå Kiwi til Coop.

  • §34 // SIGNERT KVITTERINGSpander ein kebab eller annan nattmat på eit medlem av Russen sitt Hovudstyre.

  • §35 // RUSSEKORTSvindle til deg russekort frå eit barn.

  • §36 // LEKEBRANNBILHa sikker sex under menstruasjon/med nokon som har det.

  • §37 // KORSSi «halleluja» til alt læraren seier ein heil skuletime.

  • §38 // HALV ISPINNESpandere is til barnehagen (i edru tilstand).

  • §39 // HUBBA BUBBA-PAPIREt ei heil pakke Hubba Bubba og tygg den i timen.

  • §40 // MOBILDEKSELLat som om at nokon ringer, medan du sit i klasserommet/kantina, og si følgande høgt:- Gutar: «Eg kan ikkje vere faren! Eg kom jo ikkje inni deg, skjerp deg då!»- Jenter: «Det vert 2000 for eit enkelt ligg, pluss 500 kr for kvart sug»

  • §41 // BIT FRÅ SMØRPAPIRETKjøp ei pakke smør og spør ein tilsett om det funkar som glidemiddel.

  • §42 // HÅRLOKKGå til ein frisør og be om å få pulesveis.

  • § 43 // EMBALASJEKrabb inn i ein matvarebutikk og kjøp øl/cider. Rekk du ikkje opp må du spørje ein du ikkje kjenner om hjelp.

  • § 44 // RAUD SEIGMANNNår læraren snur seg mot tavla, skal du prøve å nå fram til tavla før læraren snur seg att.

  • §45 // HAPPYMEAL-LEIKEKøyr gjennom ein drive-through med ei handlevogn (som leverast attende) og kjøp eit måltid.

  • §46 // KJÆRLEGHEITIkkje trakasser nokon i laupet av russetida.

Interne russeknutar

  • §1 // STEINStel sykkelen til Bård-Ove eller Ola, helst medan dei ser på, og sykle ei runde rundt kyrkja.

  • §2 // SNUSPOSEGnikk Ola-Matti på hovudet minst tre gonger i løpet av ein skuledag.

  • §3 // LYKKETROLLStart ein heftig diskusjon med Ove, der du er heilt ueinig i alt han seier.

  • §4 // FOTBALLKORTYtre ditt enorme hat for Rosenborg til Bård-Ove.

  • §5 // HJERTEGODTERIFlørt med ein mannleg eller kvinneleg lærar ein heil dag. Flørting inneberer blunking, intense blikk og frekke sjekkereplikkar.

  • §6 // LITE BILDE AV ACSpør AC om heilt tilfeldige ting ein heil skuletime.

  • §7 // LITE GUMMIHJULOvertal ein lærar til å vere sjåfør ein heil kveld.

  • §8 // LITE BILDE AV ERLANDFå Erland til å fortelje om noko drøyt han har gjort.

  • §9 // SMILEEMOJIHa eit smilekurs/venskapskurs for gjengen i fyrsteklasse, helst med PowerPoint og demontrasjonar.

  • §10 // BLYANTLever inn ein detaljert logg til Ola-Matti frå ein sein og våt kveld.

  • §11 // VISKELÆRPrøv å føreseie kva læraren skal til å si. Helst prat svært høgt og med innleving.