Komitéen for Opplæring og Kompetanse si innstilling om å legge tilbodet om vidaregåande opplæring for studiespesialisering på Dombås på is har fått mykje merksemd den siste veka. Håkon Noren (Ap) stiller seg svært kritisk til vedtaket, og viser sin store skuffelse ovanfor sine partikameratar.

– Mine partikameratar i AP viser svak politisk dømmekraft ved å ikkje setje i gang VG1 studiespesialisering på Dombås, fortel han.

Kortsiktig innstillingHan meiner at grunngjevinga med at elevkullet til hausten er for lite er eit legitimt poeng, men det er også svært kortsiktig med tanke på at neste års kull er større. Han meiner difor det er viktig å oppretthalde kontinuitet i skulen.

– For dei som går på Dombås vil dette bety ingen fyrsteklasse til hausten, ingen andreklasse til neste år, og ingen russ om tre år. På ein skule med så få elevar gir dette ei heilheit som er dårlegare for elevane, fortel Noren.

Ser ljost på framtidaNoren har også kjempa kampen mot nedlegging tidlegare, da det var snakk om avdelinga på Hjerleid si nedlegging. Det er derimot store forskjellar mellom nå og da, meiner han, da det på den tida var snakk om ei heil avdeling, og denne gongen berre eit linjetilbod neste år, og det er derfor ikkje verdt å gjere saken meir dramatisk enn den er.

Til tross for at eventuell nedlegging ikkje er ein trussel akkurat no, er Noren bekymra over at dette kan påverke søkartalet til neste år, og det vil være med på å markere starten på slutten på avdeling Dombås.

Større enn Lesja og DovreHan ønskjer å understreke at folk må bli flinkare til å tenke Nord-Gudbrandsdalen som ei heilheit, og at dette ikkje berre er ein kamp for Lesja og Dovre.

– Norddalen som region har utfordringar saman, med befolkningsnedgang og svak utvikling i næringslivet. Det er viktig at vi klarer å samarbeide godt i Norddalen, og klarer å løyse problema saman og ikkje krigar oss i mellom, seier han.

Han påpeiker også at Norddalen som region står saman om å la tilbodet på Dombås fortsette, og at dette gjev oss ei sterkare stemme mot fylkestinget. Han irriterer seg grundig over at dette har blitt ein kamp mellom Dombås og Otta.

– På same vis som vi kjemper for å oppretthalde VG1 studiespesialisering på Dombås, er det utruleg viktig at VG1 Service og samferdsel på Otta blir vidareført. Det er mange elevar i 10. klasse i Lesja og Dovre som vil søke dette tilbodet, og vi kan ikkje gløyme dei, seier Noren.

Oppfordrar til kloke valOm VG1-tilbodet på Dombås blir satt i gang til hausten vil bli avgjort i fylkesutvalet i morgon. Noren oppfordrar politikarene til å tenke seg godt om, tenke langsiktig, og tenke på konsekvensane for det man går inn for. Han oppfordrar også til å ta inn over seg det elevar meiner, og kva regionsrådet meiner. Han håpar dei til slutt vil lande på eit klokt val, som Noren meiner er å sette i gang tilbodet på Dombås.