Gudbrandsdal Krigsminnesamling på Kvam har nyleg satt opp utstillinga «Mørebataljon 1940» som skal opnast 12. mai. Der har dei blant anna stilt opp dokker med klede, våpen og utstyr frå krigen, som skal etterlikne hendingane som utspelte seg i Gudbrandsdalen i løpet av krigstida. Dette er gjenstandar som har blitt funne etter krigen var over, bekreftar Lars Tungen som er administrator ved museet.

Møre Infanteriregiment nr 11Mørebataljonen spelte ei viktig rolle i Gudbrandsdalen under krigen, og særleg på Dombås, kor dei var med på nedkjempinga av det tyske fallskjermangrepet den 14. april.

– Møringane var viktige under krigen. Dei var dessutan ikkje proffe soldatar, men unge gutar som ble kasta i det, fortel Tungen.

Møre Infanteriregiment nr 11 (IR11) var eit av dei få i Sør-Noreg som var i stand til å mobilisere seg normalt i kjølvannet av det tyske angrepet på Norge den 9. april 1940. Regimentet besto av Feltbataljon I (bn I), Feltbataljon II (bn II), og Landvernbataljonen.

BN II hadde allereie blitt dimittert 1. april, men klarte å mobilisere seg på kort varsel, og sto allereie stridsklare på Dombås den 13. april. Deira oppgåve på Dombås var å sikre kommunikasjonspunktet mot sabotasje og flybombing.

Bataljonen vart delt inn i fire kompani: Kp 5 vart mobilisert sør for Dombås stasjon med front nedover dalen, Kp 6 og 7 sto nord og nordvest for stasjonen, medan Kp 8 beståande av 3 mitraljøsetroppar sto ved stasjonen. Bataljonsstaben og stabskompaniet var utplassert på Dombås Turisthotell.

Angrepet på DombåsFormiddagen etter at BN II sto klare på Dombås fekk dei tyske invasjonsstyrkane i Dombås direkte ordre frå Hitler om sende fallskjermsoldatar til Dombås. Hensikten med dette var å sperre jernbana, fordi tyskarane trudde ved ein feiltagelse at britiske styrkar hadde gått i land på Åndalsnes.

Flyangrepet på Dombås vart prega av dårleg vær, og fallskjermtroppane vart spredt over eit stort område. Kun 7 av 15 fly kom attende til Fornebu. Den tyske hovudstyrken klarte likevel å mobilisere seg sør for Dombås, der dei sperra all trafikk i fem døgn før dei vart nedkjempa av styrkar frå IR 11 og IR 5.

Mindre gruppar med tyskarar landa ved Flitti og Nørstegård i Lesja, i Kjøremsgrende, og opp mot fjellet nord for Dombås, men vart raskt tekne til fange av norske soldatar.

FramtidsplanarUtstillinga på Kvam er ein del av eit langsiktig prosjekt. I fjor vart det satt saman ei utstilling med fokus på engelskmenn, i år nordmenn, og neste år vil tyskarane få si utstilling. Alt skal stå klart til 2020, i forbindelse med markeringa av 80- og 75-års jubileet for krigens start og slutt.

– Det har vore mykje fokus på de engelske og tyske, så de norske har hamna litt i skuggen her i Gudbrandsdalen, fortel Tungen.

Tungen har eit sterkt ønske om at fleire skuler skal ta i bruk museet. Noreg har vore lenge utan krig, og ein må meir enn berre ein bestefarsgenerasjon tilbake i tid, så for ungdommane er dette fjernt, meiner han.