På om lag 110 plassar over heile landet vart det satt opp smaksbodar kor folk fekk forsyne seg av smaksprøvar av sau. Ein av desse var utanfor Kiwi på Dombås, kor representantar frå Lesja- og Dovre Sau og Geit fekk fart på smakslaukane hos folk.

– Hensikten er å få opp salet for å komme på eit akseptabelt nivå. Det er i dag ein stor overproduksjon av lam, fortel leiar av Dovre Sau og Geit, Torbjørn Elvestad. I fjor låg vi på ein pris som rundt på 80-tallet. Det er for dårleg, legg han til.

Saman med leiar for Lesja Sau og Geit, Irene Amundgård, sto dei utanfor butikken for å delte ut smaksprøvar, for å deretter sende folk inn i butikken kor produktet sto klart til sals. Etter same aksjon i fjor kunne butikkane bekrefte ei auking av sal på sauekjøtt.

Problemet med sauekjøt ligg i politikk, og det å avtale med kjeder. Nortura arbeider hardt med å få meir sau inn i butikken, som er det kjøttet med minst prosent hylleplass per i dag, fortel Elvestad.

Egner seg godtDet er også ein del fordommar rundt sauekjøtt og den spesielle smaken som ofte forbinnes med tradisjonsmat, meiner Elvestad og Amundgård. I dagens samfunn er det ikkje mange som har like god tid til matlaging, og særs tradisjonsmat. Norsk Sau og Geit er derfor ute etter å informere folket om at sauen egnar seg på lik linje som mykje anna kjøtt, og kan freiste med spanande oppskrifter på enkle og gode sauerettar.

– Det er viktig å nå ut til forbrukarane, meiner Amundgård. Sau er eit allsidig dyr, som kan brukas til både mat, klede og landskapspleie, fortel ho.

– Lammet er det dyret ein kan bruke heile året, og egner seg like godt på grillen som svin, storfe og fjørfe, fortel dei to representantane for Sau og Geit.

Astrid Elvestad grilla og serverte sauekjøtt.
Sauekjøtt falt også i smak hos dei orientalske turistane i Dombås. Foto: Irene Amundgård