Det tre veker gamle lammet blei funne av sauebonden Bjørn Lund på Dovre. Da han fant lammet utanfor fjøset hadde mora stukke av, og Bjørn forsøkte fyrst å gjenforene lammet med mora. Dette var til inga nytte, da mora ga klare teikn på at ho ikkje ville ha noko med lammet å gjere.

Dermed såg Bjørn seg nøydd til å ta saken i egne hender, og tok med lammet inn kor han har oppfostra det sidan.

Ikkje som sau flestAt lammet ikkje var ein naturleg del av flokken la Bjørn raskt merke til.

– Han skal ikkje være sau! Når han ser andre er det ingen kontakt, eller så blir han litt redd, fortel Bjørn.

Lammet har fått namnet «Hugo Boss», som han fekk etter nokre flasker som sto på badet, ler Bjørn.

– Han trur jo liksom at han er sjefen, legg han til.

KjelesauHugo har fått tildelt sengeplass på verandaen hos Bjørn, kor han kan ligge roleg heile natta. Hugo har også funnet roen i fanget, kor han kan ligge å kvile. Noko som er ein luksuriøs kontrast frå det å bu i fjøset saman med dei andre sauane. Han får også servert kumjølk, og drikk ikkje sauemjølk.

– Bjørn er veldig flink med dyr, og har eit godt forhold til kvar enkelt sau, fortel partneren Svanhild Nysæther.

Med kun 50 sauar på vinterfôring går det an, meiner Bjørn, men ser ikkje bort i frå at han har eit ekstra godt forhold til Hugo.

Firbeint vennSjølv om Hugo ikkje kjem over ens med andre sauar, er det ein anna firbeint som han har fått god kontakt med. Hunden Mikkel, som tilhøyrar Svanhild, har fått ein ny ven og turkamerat i form av Hugo, som Mikkel viser stor omsorg for.

Bjørn er ofte hundepassar for Mikkel, som har fått vere med i fjøset under lemming, og har dermed blit tilvendt sau. Når dei skal ut på tur følgjer Hugo etter. Dette uvanlege turfølgjet har naturlegvis fått reaksjonar frå folk.

Hugo har tilpassa seg Mikkels åtferd, og ein skulle nesten tru at han er hund, og ikkje sau, i følgje dei to dyreeigarane.

Når Mikkel går til bekken for å drikke vatn, følgjer Hugo etter og tar seg også ein slurk. Han har også lært seg å gå opp trapper. Da undertegnede kom på besøk for å helse på Hugo, var det vesle lammet svært imøtekommande og sette pris på litt kos.

Det blir spanande å sjå kva slags framtid Hugo har i vente, men på slakteriet skal han i alle fall ikkje med det fyste, bekreftar Bjørn.

Hunden Mikkel og kopplammet Hugo har fått eit nært forhold til kvarandre. Foto: Privat