Tradisjon tru samla Hjerleidutstillinga menneske frå både fjern og nær. Hjerleid skule- og handverksenter står bak utstillinga som har vore eit årleg innslag sidan 1905. I år er temaet «kloke hender», med fokus på korleis praktisk kunnskap kan vere ein del av kunnskapssamfunnet Norge.

På gamle tomter

I gymsalen i det gamle mek-bygget var det utstilling av elevarbeid frå Hanverksskulen gjennom året. Fleire tidlegare elevar studerte arbeida med nysgjerrige blikk. To av dei var Gunnar Bjørke frå Dovre, som saman med svoger Torgeir Vange er fast inventar på Hjerleid utstillinga.

– Eg gjekk på Hjerleidske frå 52 til 54. Da hadde eg Torvald Schanke som lærar, fortel Gunnar.

Han gjekk på møbelsnekkerlina. Svoger Torgeir har vore på fleire kurs. Både trearbeid, smiing og dreing kan han føre på CV´en. Dei to lot seg spesielt imponere at eit stor stabburslås, laga av Sara Marie Josefine Dobson Fjelde som har vore elev på smedlina.

Dei to neste åra har ho sikra seg ein av to lærlingplassar innan smedfaget på Hjerleid. Da vil ho kunne ta svenneprøve. Dete er ho er svært glad for.

– Eg har veldig lyst til å arbeide som smed. Det er eit veldig kreativt yrke, og er eit handverk med lange tradisjonar, seier ho.

Stabburslåsen brukte ho fire skuledagar på. Ein trena smed ville brukt rundt ein abeidsdag. Fjelde seier slike låser er svært solide og trygge.

Gamal teknikk

Laftelina held også til i det gamle mek-bygget. Lars Sverre Svendsgard er travelt opptatt med øksa for å lage kinningar på det som skal bli ein lafta gapahuk. Han er einaste elev frå Dovre. Svendsgard har to år bak seg på byggfag på Vinstra, her var ikkje lafting ein del av undervisninga.

– Eg hadde lyst til å lære meg eldre byggteknikk, og det har vore svært nyttig å lære om lafting, seier han.

No går vegen vidare som lærling. Han seier det er litt artig å vere einaste lokale elev.

– Eg kan nå fortelje litt om ting, og blir som ein slags dovreguide, ler Svendsgard.

God mat er viktig

Bygdekvinnelaget i Dovre selde tradisjonsmat i kantina, noko mange nytta seg av.

Populære var også kanelsnurrane laga i vedfyrt bakeromn i kubbehuset. Deig av 20 kilo mjøl var handelta laurdag, noko som vart til 320 kanelsnurrar. Alexander Blom vandra rundt med ei korg med kanelsnurrar for salg. Anna Botheim, Inger-Johanne Torstad, Berit Traasdahl og Agnes Traasdahl var fornøgde kjøparar. For dei er de ein tradisjon med ein tur til Hjerleidutstillinga.

– Det er artig å sjå kva som skjer, seier sistnemnde.

Botheim såg mest fram til foredraget med Inge Eidsvåg.

– Det er mykje fint å sjå på, men eg saknar meir treskjæring, seier Torstad.