av Marit Tynnøl

I kyrkjestugu på Lesjaskog var alle stolar opptekne. Om lag 60 bygdefolk og hyttefolk hadde benka seg om fint pynta bord. Med sangheftet i handa sat dei klare. Laila Brøstefrå Lesjaskog Bygdekvinnelag ynskte velkommen til ein kveld med solid tradisjon. Dei fyrste åra var songkvelden i Lisser, men mykje er meir praktisk og romsleg i kyrkjestugu.

Velbrukt songhefte

Dei fire som leia songen var ekteparet Terje Mølmen Moen og Turid Kraft-Pettersen, og venene Geir Salvesen og Olav Slettaøyen. Geir Salvesen fungerte som konferansier, og meinte det var på tide å fornya reportoiret noko neste år, blant anna med nytt songhefte, i samband med at det òg er jubileum. Folk blei oppfordra til å kome med forslag til nye songar.

Flinke solistar

Men det var ingen tvil om at dei no godt innøvde songane fungerte fint, det var kjente og kjære viser. Kvart år er nokon inviterte inn til å syngje sjølve, og i år song Kjersti Hareland (16) tre songar. Ho presenterte dei fint og song med innleving. Ho har ei særprega stemme, og Geir nemte på kor triveleg det er med litt ungdommeleg pust i ein heller velvaksen song-gjeng. Torun Einbu song også ein flott solo med swinglåta All of me, der ektemann Geir Salvesen akkompagnerte perfekt på piano. Litt spontant var Olina Lødemel frå Åndalsnes oppfordra til å syngje songen Jag vill tacka livet, og ho song nydeleg, også med Geir som pianist.

Populær tradisjon

Likevel var det allsangen som dominerte, og folk song så det bruste frå salen, som Turid Kraft-Pettersen så fint uttrykte det. Terje Mølmen Moen fortalde litt om historia bak arrangementet: Opprinneleg var det Sigrun Mølmshaug og Bjørg Einbu som ville lyfte fram skulemuseet i Lisser og samstundes lage ein triveleg kveld. Museet stod for arrangementet i ti år, men så ville desse pionerane gje seg. Da tok Lesjaskog Bygdekvinnelag over som arrangør. Ja, tiltaket er utan tvil populært, så det er berre å halde på! Gjennom åra har Terje Mølmen Moen støtt vore til stades, og truleg er det fleire blant publikum som òg har møtt opp alle åra.

- No er allsang populært, til og med på TV, men vi har no heldt på lenge før det, smiler Terje.

Han kallar seg, Turid, Olav og Geir for ur-hurven, og dei har no vore stabile forsongarar i ca 10 år. I tillegg blir det støtt hyra inn «gjesteartistar», slik at ingen kveld blir heilt lik den førre.

Og kvelden slutta med spådomen og oppfordringa: Vi møtast om eit år!