Dei skal drive kafeen på Tunstugu denne veka. Frå i morgon torsdag til og med neste laurdag er det mogleg å kjøpe seg middag på Tunstugu. Kjøttkaker, stekt aure, morr og rømmegraut er av det som står på menyen.

- Det til vere ordenleg tradisjonell Lesja-kost, fortel Marit Tordhol og Anne Elisabeth Sønstebø. Dei er to av dei 12 damene som skal vere med på å drifte kafeen. Randi Tordhol, som er eit kjent fjes bak disken på Tunstugu, skal vere hovedkokk.

Festbord til mange

Lesja bygdekvinnelag og Lesjaskog bygdekvinnelag står også for skyttartingsmiddagen som skal vere på samfunnshuset Fjellnær på Lesjaskog laurdag kveld. Festbord med kvite dukar er dekt til middag for 180 personar. Her blir det servert tre rettar, som alle har ein smak av Lesja i seg. Ordførar Steinar Tronhus er glad for at skyttartingsmiddagen skal vere på Lesjaskog.

- Det er viktig at vi har med oss heile bygda, seier han.