No kjem mykje av biletematerialet i bokform, skreve som ei feltdagbok. Boka «Midt i flokken» er ført i pennen av forskar hjå Norsk institutt for naturforsking (NINA), Olav Strand, og kommunikasjonsrågjevar i NINA, Frid Kvalpskarmo Hansen.

– Den er skreve som ei feltdagbok, så eg er litt spent på reaksjonen, fortel Strand.

Bileta i boka er frå flokken på Hardangervidda, og teke av villreinen sjølv. I regi av NINA vart det montert GPS-halsband med høgoppløyseleg kamera på ni simler mellom 2011 og 2015. Det er óg montert kamera på flokkane i Rondane og i Snøhetta, men frå Snøhetta er det berre videoklipp.

Strand sine eigne bilete, teke gjennom dei mange turane hans i fjellheimen er óg med i boka.

Nye ting

Strand meiner han kjenner villreinen godt etter mange år med forsking på levesettet deira, og korleis mennesket påverker den sårbare stamma i landet.

– Eg har vore mykje i fjellet, og har ei desperat interesse i villreinen. Likevel er det ting her eg ikkje har sett før, fortel Strand.

Det fyrste møtet mellom simla og den nyfødde kalven, rein som let seg snø ned under snøstorm, og tette flokkar i sommervarmen er nokre av dei unike augeblikka som er fanga på foto. Men óg at reinsdyra faktisk gneg av gevira på einannan før dei fellast.

– Det er eit privelegium å få lov til å sette alt dette saman til bok, fortel Strand.

Formidling

Dei såg tidleg at materialet frå kameraene måtte brukast til noko. Villreinen er sårbar, og ein kan ikkje legge opp til guiding slik det til dømes blir gjort med moskusen på Dovrefjell. Difor har opplevingar og formidling knytt til villrein vore tema dei siste åra, særleg blant reiselivsaktørar.

– Boka er eit svar på noko av dette, og kan seljast av bedrifter. Og det var ynskje om bilete frå Rondane slik som frå Hardangervidda, men vi var dessverre ikkje heilt heldige med kvaliteten på bileta frå Rondane, fortel Strand.

Reinen i Rondane og Snøhetta har hatt kamera på seg eit knapt år. Det er ikkje avgjort om det vil bli festa fleire kamera på reinsdyr.

Nyttast i forsking

I samband med forskinga er det fyrst og fremst atferda til reinen som er interessant, og som blir dokumentert.

– Vi er i tankeboksen om korleis vi kan bruke det i forsking. Ut i frå dyrevelferdsproblematikken, så tek reinen bilete av andre reinar med radiomerking, då kan vi sjå at dei sit rett og ikkje slit på pelsen, fortel Strand.

Då dei fyrst sette på kamera på reinsdyra, var dei svært usikre på resultatet.

Eit av videoklippa frå Snøhetta-

stamma er frå Storbrean, der det tidlegare er gjort fleire funn av blant anna pilspissar som vart benytta til reinsjakt. Reinen nytter brear som nedkjøling på varme sommerdager, og det er nett det dyra gjer i videoen.

Det er no snakk om å lage informasjonsvideo om fokusområda og konfliktane kring villrein. Då kan noko av dette materialet nyttast.

– Eg håpar at bileta bidreg til at folk blir meir glad i reinen, seier Strand.