Nå vil han gje seg, skriv avisa Fjuken.

– Eg tok til i Sparebank1 Lom og Skjåk i 1995. I mai 2003 vart eg banksjef, etter Lars Kvalheim. Snart er eg 62 år, og eg har ei kone på Sør-Fron som eg har lyst til å vera meir saman med. Dei siste åra har eg køyrt mykje bil og pendla meir enn nok. Ein skal jo helst ikkje sitje for lenge i slike stillingar heller. Eg trur det er fornuftig å sleppe nye krefter til, seier Falkenhaug til Fjuken.

Han fortel at han kjende det godt i magen da han orienterte styret om det han hadde bestemt seg for.

Falkenhaug slutter rundt 1. oktober i år, og Sparebank 1 Lom og Skjåk har søkt etter etterfølgjar. Banken har hovudkontor i Lom, og avdelingar på Dombås, Vågå og Skjåk.

– Det er vemodig. Eg veit eg kjem til å sakne både arbeidsoppgåver og kollegaer, men det får eg ta som det kjem. Det skal nok bli litt godt å gje seg òg, trur Falkenhaug og ler godt når han slår fast at han ikkje føler seg som ein pensjonist i det heile tatt.