I ei pressemelding informerar styreleiar Hans Kolden om at Unni Strand (48) frå Sel er tilsett som administrerande banksjef.

Strand kjem frå stillinga som dagleg leiar i Nasjonalparkriket Reiseliv AS, men har lang og brei erfaring frå DNB. Frå 2014-2016 var ho avdelingsbanksjef i DNB for Gudbrandsdal, og har totalt 17,5 års fartstid i banken.

Vil legge til rette

Strand fortel sjølv at ho kunne ikkje takke nei då jobben dukka opp, og ho fekk tilbodet som ho gjorde.

– Det er ikkje mange slike jobber i området. Det er ingen dramatikk i at eg forlet NPR, det er ei tilfeldig timing at det kom så nært etter at eg starta, seier Strand.

Ho byrjer i banskjefstillinga den 1. oktober. NPR har sendt ut ein mail med medlemsinfo Vigga har tilgang på, der dei opplyser at prosessen med å finne etterfølgar startar no.

– Eg vil gjerne vere med å legge til rette for å sikre overlapping på ein god måte, fortel Strand.

Ho trur ikkje det blir problem å rekruttere til jobben som reiselivssjef.

– Det er mykje spennande på gang, og 2015 var eit godt år, seier Strand.

Nøgde med tilsettinga

– Med tilsettinga av Unni Strand, er styret i banken trygg på at vi har fått tak i ei kvinne med kvalifikasjonar og bakgrunn som vil bidra til at banken greier å møte utfordringane i framtida på ein offensiv og god måte, skriv Kolden.

Sparebank 1 Lom og Skjåk har hovudkontor i Lom, og avdelingar i Vågå, Skjåk og Dombås.

–  SpareBank 1 Lom og Skjåk har etter kvart utvikla seg til å bli ein bank for heile regionen og har i tillegg mange kundar rundt om i Norge med knyting til Norddalen. Strategien vår framover er fortsatt å vera ein sjølvstendig og lokalt forankra bank, heiter det i pressemeldinga.