I følge Fjuken kan samarbeidsavtale mellom dei seks kommunene i Nord-Gudbrandsdalen og NPR vere i utakt med lova.

Rådmann Svein Holen orienterte kommunestyret i Skjåk om saka torsdag kveld skriv Fjuken.

– Dette er ein avtale som handlar om tenestekjøp, og som dermed truleg kjem inn under «lov om offentlege anskaffelser». I så tilfelle må vi etter alt og døme lyse ut avtalen på anbod. Det er opp til kvar enkelt kommune å vurdere, naturlegvis, men i Skjåk har vi vore i kontakt med jurist når det gjeld denne saka, og den klare konklusjonen så langt er at heile avtalen må ut på anbod. Mi klare anbefaling er derfor at vi utset saka, sa Svein Holen, og slo fast at heile regionen kan få ei utfordring.

Dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har lagt opp til ei likelydande samarbeidsavtale med Nasjonalparkriket Reiseliv AS om årleg støtte på 300.000 kroner til arbeidet som blir utført på vegner av reiselivnæringa i Nord-Gudbrandsdalen. Nå syner det seg at dei planlagde løyvingane kan vera i utakt med «lov om offentlege anskaffelser».

Tre kommunar har allereie fatta vedtak: Vågå, Sel og Dovre. Dovre kommune har skreve under på den reviderte treårige avtala gjeldande frå 2016-18.

Lesja kommune signerte ei treårig avtale i fjor, men har ikkje signert den reviderte avtala gjeldande frå 2016-18. Holen orienterte Skjåk kommunestyre om at det kan hende dei vedtaka må reverserast.

Mykje att og fram

Dagleg leiar i Nasjonalparkriket Reiseliv AS, Unni Strand, seier til Fjuken at ho ikkje er overraska.

– Og det seier eg med bakgrunn i det som har skjedd dei siste åra. Det har vore mykje att og fram og ein lang prosess for å få kommunane til å lande ei samordna, langsiktig avtale med Nasjonalparkriket Reiseliv AS. Eg er skuffa, det vil eg ikkje leggje skjul på. Innad i organisasjonen blir det usikkerheit, og utad vil ikkje dette sjå bra ut i det heile tatt. Kommunane - og politikarane - seier ofte at reiselivet er ei stor og viktig næring for området vårt, men kva meiner dei eigentleg med det når dei ikkje greier å samordne og samarbeide for å få på plass denne avtalen, undrar Unni Strand.

Ho fortel at Nasjonalparkriket Reiseliv AS har mange spennande planar i tida framover, men at mykje av det nå truleg må leggjast på vent.

– Heile regionen kan nå få ei felles utfordring, seier Svein Holen, rådmann i Skjåk. Foto: Vigdis Kroken