Ikkje alle byggesøknader til kommunen blir levert på digitalt skjema. Det fekk Lesja kommune eit eksempel på denne veka. Ved personleg frammøte var eit konvolutt med byggesøknad av det meir spesielle slaget levert ved personleg frammøte i ekspedisjonen på Lesja kommunehus.

Delt ansvar

Søknaden gjeld eit nybygg i boligfeltet på Lesja, og det er fleire tiltakshavarar med delt ansvar. I søknaden står det: «Til Kai Ove. Vi har lyst til å lage ei trehytte i skogen i nærheten av huset til Hedda. Kan vi få lov til det? Fra Lena, Hedda, Natalia og Synnøve».

Lovar rask behandling

Det er også med teikningar av korleis dei ynskjer at trehytta skal sjå ut.

- Brevet blir journalført og behandla som alle andre byggesaker, men eg har bede om at saksbehandlingstida på denne vert forsert, fortel rådmann Kai Ove Riise, mottakar av sendinga.

Saman med saksbehandlar Jørn Svanborg kjem han til å ta kontakt med søkjarane, for å få i stand ei befaring på området så snart som råd.

Fritak for gebyr

Etter plan- og bygningslova har kommune moglegheit til å gjere fritak for gebyr for byggesaksbehandling, noko Riise fortel kjem til å skje i dette høvet sidan søkjarane er under inntektsdyktig alder. Bygget er såpass lite at det kjem unna nabovarsel, og vil skje på kommunal grunn. Det er ikkje kjent om søkjarane sjølve skal stå for arbeidet, eller om det er andre som skal stå for det praktiske arbeidet.