I august går seniordansstafetten i Oppland, og den aktive dansegruppa måtte øve. Det kombinerte dei med sesongavslutninga utanfor Moskusgrillen på Dombås.

– Vi har aldri dansa ute på asfalt før, fortel Aud Einbu.

Godt for hodet

Seniordans er bra for både hode og kropp, ein lyt følge med for å halde trinn og takt.

– Det er trening for både hjerne og kropp, seier Einbu.

Også helseminister Bent Høie har fått auga opp for aktiviteten, og bevilga nyleg ein million til Seniordans Norge. Framførigna var ein medley, vanlegvis dansar dei ei og ei låt om gangen. I august skal dei ta over stafettpinnen frå Sel Seniordans.

Stafetten er ei prøve i Oppland i år, og er tenkt at skal gå over heile landet i 2018. Lesja og Dovre seniordans har vel 20 medlemmar som dansar kvar veke på hausten og vinteren.

– Det er rom for fleire, oppmodar Einbu.