- Bestemor prata om at det hadde vore fint om det hadde vore ein kafe, og at det burde vere ungjenter som gjer det. Og vi er ungjenter som gjer det, seier Eline Kolstad (14). Ho er travelt opptatt med vaffelpressa på den nye sommerkafeen på Lesjaverk. Saman med Hedda Vorkinn (14) har ho laga sin eigen sommarjobb på Lesjaverk. Dei to har kafe i lokala ved butikken. Måndagar er det stengt elles er det åpent kvar dag heile juli.

- Kanskje etter det også, vi får sjå, seier jentene.

Dette er er den første sommarjobben dei har. Litt starthjelp frå heime har dei fått, ellers har det planlagt dette sjølv. Jentene håpar både bygdafolk og turistar vil benytte seg av kafeen. Vaflar, toast, kake og drikke av forskjellig slag står på menyen.

- Vi bakar sjølve så det vert forskjellige kaker, fortell Vorkinn.

Kafekultur

Ein lokal kargjeng frå Lesjaverk har hatt sin første testtur på kafeen, og ser godt nøgde ut.

- Vi vart glade da vi såg det skulle vere kafe her i sommar, vi har sterk kafekultur her i grenda, seier Gunnar Åvangen.

Og det kan han si med rette.

- Det var ei stund det var tre kafear og pensjonat i drift her samtidig, fortel Edvard Akerløkken.

Det var i tida frå krigen og fram til rundt 1970. Det var mange turistar og handelsreisande. I påska var det heilt fullt, da leigde folk gjerne ut rom i heimane sine også.

- Det var spiseplikt for å kunne få kjøpe øl. Da fekk du kjøpe to øl, før du måtte ta deg ein tur ut før du fekk kjøpt meir, humrar Håvard Doseth.

Dei 20 siste åra har det vore laurdagskafe i lokala ved butikken på Lesjaverk. Det har også vore sommarkafe på stasjonen.

- Det nå frykteleg triveleg at desse jentene vil drive kafe her, seier Akerløkken.