Regionrådsleiaren bad om eit møte med ministeren på vegne av alle ordførarane i Nord-Gudbrandsdal, for å drøfte utfordringane med rovvilt før beitesesongen starta. Det var bedd om møte i mai, men svaret frå Klima- og Miljøverndepartemenetet kom ikkje før denne veka.

Holø og ordførerkollegaene har fått tilbod om å møte statssekretær Lars Andreas Lunde, men det takkar dei nei til. Dei vil møte klima- og miljøminister Vidar Helgesen etter beitesesongen, for å drøfte rovdyrsituasjonen i et lengre perspektiv.

I eit svar til departementet avslår regionrådsleiar Holø invitasjonen.

– Da vi sendte førespurnad i mai, var det med bakgrunn i at vi ynskte å få på plass strakstiltak som kunne virke førebyggande i beitesesongen 2016, skriv Holø i svaret som er sendt klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Regionrådsleiaren skriv at når ein får svar etter at beitesesongen har starta, er det lite føremålstenleg med møtet.

– Vi ba om møte med statsråden og vil derfor ikkje ta til takke med å møte statssekretæren for å drøfte ei så viktig sak, der det krevst politisk vilje og handling, skriv Holø.

Bjarne Eiolf Holø meiner det er betre å få på plass eit møte etter beitesesongen, der ein kan sjå på langsiktige tiltak for å få til ein betre rovdyrpolitikk og praktisering enn det ein ser i dag.