LESERBIDRAG, TEKST OG BILETE: STEINAR NYLAND

Fyrste veka i juli trefte eg på fire budeier på Nigard Bottem setra på Svartedalen.

Riktignok så var det ikkje ei einaste mjølkeku, og heller ikkje geiter der, som det var mange av på Svartdalen for 50-60 år sidan. Om lag 160 geiter hadde dei seks gardsbruka som setra der til saman den gongen.

Men budeiene hadde benka seg utafor setra i finværet, med eit godt glas vin som ein aperetif før middagen, som denne dagen var god lapskaus.

Dei fire som møtest er: Jorunn (Engen) Grothe, frå Nordre Teigen, Hjørdis (Nyland) Persen, frå Nylendet, Aslaug Botheim, frå Nigard Botheim og Mildrid (Engen) Sørumgård, frå Nordre Teigen.

I tillegg til, dei gardane som er nemd, så har også Uppigard Bottem, Midti Brekka og Uppistugu Håkåstad, seter på Svartdalen.

Denne sumaren var det 25 gongen damene var samla sidan dei var budeier der, om lag samstundes. Altså var det jubileum må vite.

Dei venta nokså mange år etter at budeigjerninga var over før dei vart samla fyrste gongen, og sidan har dei med ujamne mellomrom vore samla i fjellet. Seks av de

25 åra har dei vore i hytta til Jorunn på Dalsida, men var nå komen attende til Nigardssetra.

Siste åra har dei vore i lag kvar sumar.

Det var spennende å sitja i lag med dei å høyre på hendelser og opplevingar dei kunne dele, om kyr som som ikkje kom heim til kvelds, men måtte hentast ved Lomtjønna, Stor-Smørbollin og innom Langranden, spesielt etter at soppen var komen om hausten, om geiter som åt opp både det eine og andre og som klarte å koma seg inn på kveane sjøl om det var aldri så godt gjerde.

Men alt vart nok ikkje fortalt, om skrymt, hulder, friarar eller anna så lengje eg var der!

Triveleg var det i alle fall.