TEKST OG FOTO: OVE KIRKESTUEN

- Det var stor stas å bli invitert på kakao og ønskekonsert hjå diakon og direktør Hans Anton Johansen Hole som også lærte meg å spele bridge, fortalde Margit Skotte (82) under Dalsidetreffet sist helg.

Eitt av mange minne som Margit har frå Dalsida. Slutten av 1940-talet sit som spikra i Margit sitt minne. Kanskje ikkje rart sidan radio og varm sjokolade ikkje var dagleg kost på den tida. I alle fall ikkje høgt til fjells. Dessutan var stundene i hytta til direktør Hole og kona Alvhild ei kjærkome avveksling for den unge budeia.

Rift om budeiene

- Eg debuterte som underbudeie på Reindøl i 1947, tretten år gamal. Sidan det var konkurranse mellom budeiene om å vere fyrst ferdig med morgonstellet, stod vi opp i femtida. Etter at kyrne var slept på beite, møttest vi og drakk kaffe. Sjølv om vi hadde ein del fritid midt på dagen, var ikkje arbeidsdagen over før i sjutida om kvelden. Særleg godt hugsar eg året då eg gjekk for presten. Då måtte eg gå eller sykle tur retur bygda mellom fjøsstella. Slik var det berre, fortel Margit om ei tid då det var rift om budeiene.

Ut i naturen

Blant dei mange frammøtte ved Dyratjønn til fyrste utgåva av Dalsidetreffet, var Margit Skotte truleg den med lengst fartstid i den vakre seterdalen i Lesja. Men også andre hadde mykje på hjartet. Som til dømes kjentmann Per Jordhøy som leia vandringa langs Kulturstigen om Nysetergruvene. Ei anna var Anne Marie Lien Sønstebø, ho også med lang ansiennitet som budeie. Ho synte korleis ein kan lage dekorasjonar av kjerringkjørr, eine, vier og lyng av ulike slag.

- Det er viktig å ta seg tid og dermed oppdage alt det vakre som naturen har å by på, meiner Anne Marie.

Den som kom nærast det våte elementet, var Arne Mohn som demonstrerte perfekt kastteknikk med slukboks. Seinare på dagen heldt lesjingen og den tidlegare trenaren for damelandslaget i fotball, Erling Hokstad, kåseri om vakre Dalsida.

Dalsidefolket

Nettopp kjærleiken til området var fellesnemnaren for dei vel 90 som var til stades. Anten som utflytta lesjingar, fastbuande eller som hytteeigarar utan slektstre med røter i Lesja. Men treffet hadde truleg ikkje vorte noko av utan avisa «Dalsidefolket» med utspring i e-postgruppa «Vi som er glade i Dalsida».

- Avisa starta eg fordi eg visste det er mange som har ei sterk tilknyting til området. Dagens teknologi gjer det også lett å utveksle informasjon, seier redaktør Oddbjørn Einbu.

- Mykje skulle ha skjedd om eg ikkje hadde kome hit, sa Ola Sveen til Ola Mohn.

Fyrstnemnde kom frå Florø medan treffgeneral Mohn har adresse Notodden. Sjølv om båe vaks opp i Lesja, hadde dei ikkje møtt kvarandre før no. Og det er liten tvil om at dei fleste ynskjer seg årlege treff. Noko som sjølvsagt er søt musikk i Ola Mohn sine øyre.

- Det er viktig å treffast. Særleg i ei tid der vi stort sett berre møter kvarandre i bil bak sota ruter, meiner Mohn.