Stafetten vert arrangert i Oppland i august, og er tenkt at skal gå over heile landet i 2018. Fredag gjekk stafettpinnen frå Sel seniordans til Lesja og Dovre seniordans. Det vart sjølvsagt markert med dans, der begge laga dansa saman.

Markeringa gjekk føre seg ute, i regnvêr fredag ettermiddag. Men det hindra ikkje dei danseglade seniorane, det var berre å kle seg etter vêret.

Frå Sel til Lesja og Dovre gjekk stafettpinnen vidare til Skjåk.

Les meir i vekas Vigga

F.v.: Leiar i Sel seniordans, Astrid Bekkemellem, leiar i Lesja og Dovre Seniordans, Åse Endresplass, nestleiar Ingebjørg Ulfsby Bottheim og nestleiar i Sel seniordans, Ellen Berit Eilevstad.