ARVE DANIELSEN

Førre torsdag var lærlinger i kokk, baker, institusjonskokk og reiseliv samla på Vianvang i Vågå til oppstartsamling. 18 lærlingar er knytt til Lærlingkontoret Gudbrandsdal. Reiseliv var nytt fag i fjor. I februar i år starta institusjonskokk.

– Aldri har vi hatt så mange lærlingar, seier Bjørg Aaseng Vole i Lærlingkontoret Gudbrandsdal.

Opplæringskontoret Brimikjøken starta i 2008. Lærlingkontoret Gudbrandsdal som vart stifta i fjor, er ei forlenging av dette.

– Det er viktig å skape ein felles arena der vi kan formidle ting rundt læretida, seier Aaseng Vole om samlinga på Vianvang. Ho fortel at ein legg vekt på det sosiale miljøet, at lærlingane blir kjente med kvarandre. I løpet av læretida blir det arrangert felles aktivitetar. I tillegg til lærlingar, deltok også lærebedrifter. Lærlingane kjem frå store delar av landet. I tillegg til lærlingar frå Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja, Nord- og Sør-Fron, er det lærlingar frå Mosjøen i nord til Sandfjord og Sandnes i sør.