Artikkelen sto på trykk i Vigga 5. november 2015

Syver Hage (85) frå Lesja hugsar godt dei spesielle hendingane denne sommaren og hausten. Det var ikkje kvardagskost det som skjedde på Sørhella sommaren 1941.

To menn var i fullt arbeid dagen lang, båtar til arbeidet med Aura-anlegget skulle på plass. Det var den lokale Nils Henningstad, og ein båtbyggar frå Sunnmøre som sto for arbeidet. Og det var ikkje små farkostar. Det var store lastebåtar som kunne frakte opp til 30 mann, og med flat botn kunne dei også få med seg mykje varer.

Bilveg var det berre til Sørhella den gongen. Hit vart alt av varer og folk frakta, og frå her gjekk vegen vidare med båt for både vegstikkarar og dambyggarar. Og varer til å bygge båtar av.

Sommarminne

Syver hugsar attende til da desse store båtane vart bygd. Han var ofte med innover til Hågå-setre på Sørhella, og om kveldane tok han gjerne turen ned til vatnet for å sjå på byggverka.

- Det var meininga at båtane blant anna skulle gå frå Sørhella til Gåsbue med arbeidarar, fortel Syver.

Denne hausten skjedde den tragiske ulykka på Gautsjøen, der 11 mann miste livet. Da var ikkje dei nye båtane frå Sørhella sett i drift enda. Men dei vart teke i bruk under søket.

Forsvunne

Torsdag 25. september 1941 skulle arbeidskarane avslutte for hausten. Dei hadde arbeid ved Grynningen, og skulle fraktast med båt dei 8-9 kilometrane over Gautsjøen til Sørhella. Vêret var fint og vatnet var stille. Visst var det mange ombord, men det hadde det også vore tidlegare.

Dei som omkom var vegstikkarar, som skulle heim for sesongen. Syver Amundgård var båtførar. Det vart sagt at da dei skulle reise frå Gåsbue var det ein kar, Hans Jordhøy, som ikkje ville være med. Han synes båten vart for full, og ville heller gå til Sørhella.

Rodde seg på båten

Ein tolvte mann frå arbeidslaget gjekk ned til bygda kvelden før. Etter planen skulle båten koma attende til eit arbeidslag nord for Gautsjøen, for å hente formannen Anton Mikkelsen der. Da det ikkje kom nokon båt, tok formannen robåt over vatnet fredag morgon. Det var tjukk skodde, og han støtte tilfeldigvis på vraket av båten.

På eit skjær fann han ein ryggsekk og ein sovepose. Formannen var heilt sikker på at nokon måtte ha redda seg i land, og rodde til Sørhella for å varsle og fortsetje leitinga. Da han kom attende til staden hadde båten forsvunne, men han fann fleire gjenstandar rundt skjæret. Leitinga denne første dagen var resultatlaus.

Rar stemning

Det var få spor. Båten var som sokke i jorda. Syver fortel at før det vart gjort noko funn, vart det spekulert i om dei hadde rømt landet. Dykkarar frå Oslo havnevesen kom til Dalsida for å vere med på leitinga. Avisa «Laagen» skildra aksjonen som vanskelig, på grunn av varierane djupne og ujamn botn. Den samme avisa meldte ei veke seinare at sju av dei omkomne var funnet, ganske nær kvarandre på 25 meters djup.

Syver hugsar det var ei merkeleg stemning i bygda medan søket etter dei sakna pågjekk. Etter kvart som dei vart funne var dei frakta til bygda, og plassert i kister i Lesja kyrkje.

- Det var rart, seier Syver.

Fulle hus

Det vart halde minnestund for dei første sju før dei vart sendt til heimplassane sine. Bygdafolket hadde pynta kyrkja, og det var stort oppmøte frå både arbeidsfolk og bygdafolk denne dagen.

Av dei som ikkje var attfunne var det tre lokale. Leitinga fortsette. Rolv Bottheim vart funnen mandag 6. oktober, Oluf Spersrud og Syver Sørumgård den 8. oktober og Ingar Holmseth vart funne den 10. oktober. Laurdag 11. oktober sto tre kister på golvet i Lesja kyrkje, der bygdafolket kunne ta farvel med dei lokale omkomne.

Mange spørsmål

Spørsmåla er mange og svara er få når det gjeld kva som skjedde denne haustdagen for snart 75 år sidan. Mange har spurt seg kvifor ingen redda seg i land, når det var mange unge menn med gode svømmekunnskapar.

Ein teori er at dei hadde gummistøvlar på seg, som gjorde det vanskeleg å bevege seg, og at dei vart dregne ned når dei klamra seg til kvarandre. Det vert også sett på som merkeleg at ikkje folk på land oppfatta rop om hjelp. Grunnstøyting er eit av alternativa, overlast eit anna.

Ein kar fortalde til NTB den gongen at det kjem ut ein undersjøisk bekk på staden, der båten kunne bli teke av dragsuget. Båten var aldri funne, og kunne dermed ikkje vere med på å gje svar på mysteriet.

Minnestein

I dag står det ein minnestein over dei elleve omkomne på staden mellom Krossodden og Svartvika, der ulykka skjedde. Dei omkomne var:

Arvid Berget 20 år frå Åsnes i Solør,

Rolv Botheim 17 år frå Lesja,

Reidar Engen 26 år frå Marstein,

Ingar Holmseth 16 år frå Lesjaverk,

Brede Opheim 21 år frå Søre Ål,

Aksel P. Selliås 31 år frå Harran i Grong,

Oluf Spersrud 53 år frå Oppegård,

Ola Svastuen 30 år frå Sel,

Syver Sørumgård 35 år frå Lesja,

Sjur Tungeland 21 år frå Haus,

Severin Ødegaarden 29 år frå Ringebu

(Kjelder: Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1990, Årsskift Lesja historielag 1998. Artikkelen vart fyrst publisert i Vigga 5. november 2015)

Markering sundag

Den 25. september er det nøyaktig 75 år sidan Gautsjøulykka. Dette markerar Lesja historielag sundag denne veka.

Lesja historielag starta arbeidet med å få på plass ei minnestøtte ved Gautsjøen i 1997. Året etter vart støtta avduka av fylkesmann Knut Korseth. Då deltok til saman 110 av familiemedlemmane til dei omkomne. Sundag blir det ei ny markering, i regi av Lesja Historielag. Rolf Sørumgård skal fortelje om historia og syne kvar ulykka skjedde.

Prost for Nord-Gudbrandsdalen og fungerande prest for Lesja Paul Skurland deltek.

– Skurland vil avslutte med «Nærare deg min Gud». Det er ei salme som vart nytta i minnestund og gravferda, og er spesielt nemnd i aviser etter ulykka. Den høyrer til denne hendinga, seier Sørumgård.

Nevø av Rolv Botheim, Ola Ulfsby Bottheim, skal legge ned en krans, og Jan Stavheim skal lese eit dikt han skreiv då minnestøtta vart sett opp i 1998.

Syver Hage frå Lesja var intervjua i 2015, og hugsa godt hausten 1941.
Båtbygging på Sørhella. Nils Henningstad og ein båtbygger fra Møre bygde båter. Mari og Marit Nestande er også på biletet.
Dei nye båtane på Sørhella var ikkje tekne i drift då arbeidslaget på 11 mann skulle attende, men dei vart nytta i søket etter dei omkomne.