Tonje Hareland (22) frå Lora i Lesja, går tredje året på Høgskulen i Volda på journalistikk med spesialisering i TV og video. Dei er nett ferdige med siste internpraksise løpet av studietida, der dei skulle lage ein dokumentarserie for nett. Tonje jobba saman med klassevenninna Hanna Gjelsvik Berg, og oppgåva resulterte i ein pris frå Norsk Journalistlag. Prisen er ein intern pris for moro skuld, og i juryen sit folk som arbeider i mellom anna TV2, NRK og P3.

En som meg

Sjølv om ho fortel at prisen nok ikkje blir skriven på CV-en, tykte ho det var stas å vinne.

– Det var mange sterke dokumentarar med mange spennande tema. Då var det var artig å vinne, seier ho.

Det var frie tøyler for kva tema dei kunne velje til dokumentaren. Tonje og Hanna ville prøve å finne ut korleis det var å leve med downs syndrom. Dei fekk følge Hans Inge Nymark (33) frå Volda i hans kvardag. Tittelen på serien vart «en som meg».

– Vi var veldig heldige med å få vere med Hans Inge, fortel Tonje.

Sjølv om han er myndig, var det viktig at foreldra var med på at dei fikk filme han.

– Dei tykte berre det var moro. Dei fekk moglegheiten til å sjå alle episodane etter vi var ferdig, og kunne seie i frå om dei syntes Hans Inge vart framstilt på feil måte. Vi hadde håp om å få med foreldra på eit intervju og, men det gjekk ikkje, fortel Tonje.

Ein slik dokumentar gjer at dei to kjem tett inn på personen dei skal følge.

– Vi måtte bli kjend med han og finne ut korleis vi skulle stille dei rette spørsmåla, seier Tonje.

Kortare episodar for nett

Sjølv om dei fire episodane er på berre eit par minutter kvar, ligg det mykje arbeid bak produksjonen. Dei hadde kun to veker å produsere serien på.

– Siden vi ikkje er ferdig utdanna, blir det jo ein del learning-by-doing, seier Tonje.

Ho var med på å produsere ein dokumentar i vår, den vart 10 minutt lang. No ville dei lage kortare episodar, meir tilpassa til dømes delingar i sosiale medier.

Nyttar filmen i workshop

Filmserien har vorte delt av mellom anna lærarane deira på Facebook og fått merksemd utover fylkesgrensene i Møre og Romsdal. Ei frå Fellesorganisasjonen tok kontakt med Tonje etter ho såg filmen og ynskjer å bruke filmserien i ein workshop som omhandlar syn på utviklingshemmas levevilkår i Norge, og deira moglegheit for arbeid.

– Det er artig at filmen blir brukt, seier Tonje.

Praksisplass i Mastiff

Etter nyttår er det siste semester for Tonje på Volda, og då er det tid for ekstern praksis. Ho har sikra seg praksisplass for dei ti vekene allereie.

– Eg har fått plass hjå Mastiff og skal vere med på produksjonen av Åsted Norge, fortel ho.

Tonje er glad i krim, og då er nok denne praksisplassen midt i blinken. Ho vil gjerne satse på TV eller arbeid med dokumentarar etter studiane er ferdige.

Før høgskulen gjekk ho tre år på medier og kommunikasjon på Vinstra, samt eitt år på folkehøgskule i Alta. Ho trivst på Volda og med faget.

– Det er deilig når ein treff blink med dei fyrste studiane sine, seier ho.

Tonje Hareland (t.h.) og Hanna Gjelsvik Berg fekk NJs Pressepris for beste nettserie/dokumentar under praksisveka på deira journaliststudie på Høgskulen i Volda.
Tonje Hareland (t.v.), Hans Inge Nymark og Hanna Gjelsvik Berg. Foto: Privat