Anne Britt Roen Eriksen frå Dovre har vore lærar i 30 år på Dovre barneskule. Sjølv om ho no er pensjonist, kjem ho gjerne innom og hjelp til med vikartimer. Ho har stor omsorg og stiller opp for både to- og firbeinte, familie og vener.

To nominasjoner

Ho har vorte nominert av fleire til julehelsinga. Kollegiet på skulen har sendt inn ein nominasjon, og det same har dotter til Anne Britt, Ingrid Roen Eriksen.

– Vi «bøyer vi oss i hatten» over hennar engasjement og omsorg for andre. Ho kjem stadig innom på arbeid sjølv om ho er pensjonist. Då kjem ho med fersk, varm gjærbakst, avlastar oss med litt arbeid eller tek ein vikartime. Alltid blid når ho kjem, og ho har fortsatt eit brennande engasjement for elevane, skriv kollegene i nominasjonen.

Ordsky

Og det var nett etter ein vikartime Anne Britt fekk overrekt julehelsinga. Ho vart overraska, og svært glad.

– Eg synes det er koseleg å kome att her, og kjenne på stemninga. Og det er koselig å treffe att blide kolleger og elevar. Eg føler meg heime, og det er hyggeleg å komme innom, seier ho.

Då ho vart pensjonist no i haust, laga kollegane ei ordsky til Anne Britt. Der er det mange flotte ord, mellom anna «triveleg, omtenksam, engasjert, sprudlande, fjellgeit og raus».

Kollegaene skriv óg at ho har mata kattar, sjølv om ho er redd dei.

– Det er berre éin katt. Han er litt stri. Han kvesser ti åt meg, men veit hva han vil ha, og gjev seg ikkje før han får mat, fortel Anne Britt.

Ho matar katten, men har ikkje noko dyr sjølv.

Stiller opp for familie

Ho har og engasjert seg for flyktningane, og hjelp mellom anna ein familie med lekser og liknande. Sansehagen på Fredheim er eit anna prosjekt ho har engasjert seg i. Både kolleger og dotter fortel at ho står på for alle rundt seg.

– Og på toppen av dette får ho jammen meg tid til å ha barnebarn på lengre besøk, og ta seg ein tur til barn i Trøndelag og på Austlandet for å hjelpe til, fortel dottera.

Anne Britt har to døtre, og fem barnebarn, som er busett i Trondheim og Nittedal.

– Ho er ein god kunde hjå NSB, fortel Ingrid.

Kort og teikningar

– Dette var overveldande og svært hyggeleg, seier Anne Britt om julehelsinga.

Anne Britt har nyleg vore kreftsjuk, og fortel at det har hjulpe på med støtte frå kolleger og elevar.

– Eg har fått kort og teikningar frå ungane når eg har vore sjuk, det har vore koseleg. No er det godt å ha fått att kreftene, og kjenne at eg klarar å vere her på jobb, seier ho.