Den svært aktive pensjonisten engasjerer seg i mykje, og får julehelsing for sitt engasjement for sittedans for dei eldre. Ho er med i seniordansen for Lesja og Dovre, og etter ho vart pensjonist har ho aktivisert eldre på Lesja og Lesjaskog med sittedans.

Sittedans

Randi er nominert av to stykkjer, dottera Gro I. Mølmen, og nabo og seniordansar Aud Einbu. Gro arbeider på Eldres senter på Lesjaskog, der Randi held sittedans kvar veke. Og Randi har sjølv arbeidd på Eldres senter dei 12 siste åra før ho gjekk av med pensjon som 70-åring.

– No aktiverar ho pensjonærane på Eldres senter kvar onsdag med sittedans, på Lesjatun er ho også, ein gong i månaden. Dette gjer ho heilt gratis for Lesja kommune. Ho er ein omsorgsperson og sittedansen hennar er svært populær, alle stive ledd mjuknar, og humøret stig mange hakk, skriv Einbu i sin nominasjon.

Humør og musikk

Randi set stor pris på julehelsinga.

– Det var koseleg, eg vart svært overraska, seier ho.

Sittedans er for alle, uansett fysisk form.

– Eg seier støtt at det er ikkje om å gjere å gjere det eg gjer, det skal ikkje gjøre vondt. Det er så viktig både med musikk og beveging, fortel Randi.

Det er ei god stund fylt med humør og musikk, og Randi har no heldt på med sittedans for eldre i snart tre år.

– Det er frykteleg artig. Dei er så blide når eg kjem, fortel ho.

Satsing på dansen

Når det er sittedans er det nokre slagarar som går att. To av dei er ein song av Erik Bye, samt «Liten fuggel» av Vamp. Randi kursa seg i sittedans gjennom seniordansen, og fortel at det er få ellers i Gudbrandsdalen som held på med det. Seniordans har øyremerka midlar gjennom statsbudsjettet, og desse har vorte auka. På nokre skular har helse- og sosialfagelevar kurs gjennom skulen for å lære sittedans.

Musikalsk familie

For Randi sin del er det mange år sidan ho fann gleda i dansen.

– Eg har støtt likt å danse. Eg bynte som jentunge, tanta mi som var 11 år eldre enn meg lærte meg opp, fortel ho.

Ho og mannen Kristian dansa og mykje når dei var yngre.

Randi er frå ein svært musikalsk familie, faren Arne Bøe var engasjert i trekkspelklubben og skulemusikken, og komponist Magne Bøe er onkelen.

Vi har delt ut to av fire julehelsingar i år. Det var mogleg å sende inn nominasjonar til og med 4. desember: