Fjerde dag jul opplevde ei fullsett Dovre kyrkje legendariske Espen Skjønberg. Han las opp tekstar mellom nummer frå eit breitt spekter av musikantar. Arrangørane, Per Arne og Bjørn Sigurd Glorvigen opptrådte sjølve, saman med Alegrar strykekvartett, Guro Kleven Hagen på fiolin, Mads Erik Odde på trekkspel og kvedar Mari Midtli.

Nesten fullsett i Dombås

Dagen etter var det duka for konsert på Fredheim på dagen og orkesterkonsert i Dombås kyrkje om kvelden. Vel 200 publikum tok turen til Dombås kyrkje for å oppleve artistane for kvelden.

Lesja barnekor sette stemninga med den klassiske julesongen «Caroling, caroling», saman med orkesteret Sinfonietta Innlandet.

Intimt, men stort

Ein orkesterkonsert er ikkje kvardags i kyrkja, og Sinfonietta Innlandet gjesta Dombås for fyrste gong. Musikalsk leiar for orkesteret, Atle Sponberg, fortel at han har spela saman med Per Arne Glorvigen fleire gonger.

– Det er artig å vere her på festivalen hans, som han skapar så stor glede og engasjement over, seier Sponberg.

Orkesteret var med på alle nummer, og gjorde opplevinga stor, men samstundes intim.

– Eg diggar Per Arne sin måte å lage program på. Han bind saman lokale folk, barn og ulike typer artistar, seier Sponberg.

Dugnadsinnsats

Saman med broren Bjørn Sigurd har dei to fått til ein festival med artistar i verdsklasse. Dovrejul spann ut frå familiekonsert i romjula, og målet er å halde ein festival på to dager kvart andre år. Folkemusikar Bjørn Kåre Odde har allereie sett i gang arbeidet med tingingsverket til Dovrejul i 2018. Det ligg mykje arbeid bak arrangementa, som brørne sjølv deltek som artistar på.

– Vi hadde aldri klart det utan dei frivillige. Vi har tolv fantastiske personar med oss, som tek initiativ sjølve. Og det er mange lokale som har stilt opp, seier Bjørn Sigurd.

I år er det fyrste gongen det og er arrangement på Dombås. Bjørn Sigurd fortel om godt samarbeid med overnattingsstader og andre som er med.

– Alle dreg i same retning, seier han.

Tradisjonelt og klassisk

Tema for årets Dovrejul var «barn og evig unge». Kvedar Mari Midtli (19) framførde to tradisjonelle songar, Beltevisa frå Nord-Fron og Farvel min ven, etter Valdres-Maria.

Fiolinist Guro Kleven Hagen (22) presenterte ein konsert av Felix Mendelssohn-Bertholdy, som han komponerte som 13-åring. Det kan vere lett å ty til store ord etter ein slik konsert. Dei to tek med seg publikum inn i kvar si verd, og det er lett å la seg imponere av deira nivå og innleving i musikken.

Bygda mi

Som nest siste nummer var urframføring av årets tingingsverk – Bygda mi. Det er komponert av Ståle Storløkken frå Dombås, ut frå tre tekstar frå elevane Kaisa Heidsve, Line Asora Storhaug Rognerud og Synne Vorkinn. Prosjektet var sett i gong av dåverande lærar på Hjerleid, Even Lusæter, og dei tre tekstane var plukka ut av tekster frå heile klassa.

Bjørn Sigurd framførde tekstane, saman med Lesja barnekor som song og kora.

Dei tre tekstforfattarane syntes det var veldig artig og litt rart å høyre verket.

– Eg er imponert over kva han har fått til. Det var veldig fint, seier Kaisa.

Eksotisk avslutning

Som avslutning tok Per Arne på bandoneon og Gustav Rørmark (15) på bratsj med publikum inn i tangoens verd. Dei framførde Le Grand Tango av Astor Piazzolla (1921-92). Den eksotiske avslutninga var noko for både øyre og auge, med innlevinga og samspelet dei to hadde på scena.

Etter den storslagne konserten var det duka for nachsprell på Dombås hotell, der familien Storløkken Åse hadde ein julekonsert med «noko attot».