Sundag var det duka for den årlege nyttårskonserten til musikkforeninga. Dei hadde med seg gjestar, både nye og gamle. Dei unge konferansierane Andrea Skotte og Johannes Bjorli Bjølverud losa publikum gjennom det rikhaldige programmet.

Julesongar

Musikkforeninga heldt på siste rest av julestemninga med klassiske julesongar som Oh Come All Ye Faithful, Mitt hjerte alltid vanker og Nordnorsk julesalme. Dei hadde med seg Jenny Imenes-Nyløkken og dotter Mathilde (8) som song Tenn lys saman.

– Det er berre å finne fram snorrpapiret, dette blir rørandes, innleia Johannes.

Jenny song også Himlen i min favn, og fylte kulturhuset på Lesja med si praktfulle stemme.

Stort kor

Lesja og Lesjaskog sangkor, som no er av dei største kora i Gudbrandsdalen, fulgte opp med ein mektig framføring av Ola Bremnes Har du fyr. Her hadde Paul Gunnar Lien hjelp av ei 101 år fornem dame, som han sjølv sa: Steinway-flygelet i kulturhuset.

– Det er eit kor som er like stort, las eg i ei avis, men dette er garantert dalens største slagverk, innleia Paul med før dei song Little drummer boy a capella.

Koret framførde og Abba sin Happy new year, som er sjølvskreven på ein kvar nyttårskonsert.

Filmmusikk

Kjøremgrenda musikkforening sette ei ny takt til slutt, med filmmusikk frå både Benjamin Button, Poirot og Game of Thrones. Sistnemde er eit kraftfullt verk, og fekk eit spontant «oi» frå publikum like etter det var ferdig.

Dirigent Arne Bakken hadde i kjent stil lurt inn ein swing-låt heilt på tampen. Konserten vart avslutta med temasangen frå Austin Powers, og publikum i den fullsette salen kunne gå heim med ei swingande rytme i kroppen.