Det var duka for den årlege nyttårskonserten, som baud på eit breidt repertoar av musikkverk. Dovrefjell Disharmoniske Selskab og Dombås Musikkforening holdt konserten, og duoen Dåm var innleigd som gjesteartistar. Konserten baud og på ein og annan overrasking.

Kvinner og kulturarv

Dovrefjell Disharmoniske Selskab var nokre færre enn vanleg, grunna sjukdom. Utfordringa tok det drevne koret på strak arm, og fylte samfunnshuset med folkeviser, og høgtidelege songar. Konserten er dirigent Mari Midtli sin fyrste med koret, men formann Harald Berg fekk og leie koret under eit par songar. Tema for deira avdeling var kulturarv, og innleia med ei vise om Guro – den lystige kvinne, og avslutta med Kari og Mari.

– Dette er ein hyllest til gardkjerringer og budeier, kunne konferansier Svein Vatne fortelje før deira siste songnummer.

Koret framførte både brudemarsj og den spesielle Jesus gjør meg stille. Alt i nydeleg a capella song.

Ny dirigent

Vatne syng sjølv i koret, og losa publikum trygt gjennom konserten i beste Donald Trump-stil. Store ord, peiking og gjentaking, men utan blå dress og raudt slips.

Dombås Musikkforening har no Harald Berg som dirigent. Han er ikkje ukjend med rolla, sjølv om det er nokre år sidan han har stått med dirigentstaven. Sjølv om trombone-spelarane fekk gjennomgå humoristisk av konferansieren, var det solide framføringar av klassiske verk, samt meir moderne verk som Beatles in Concert og Nordnorsk julesalme.

Blomster-overrasking

Dei yngste som var med å spele i musikkforeninga var Eline Drogen og Ann Mari Ruste. Dei er eigentleg i skulemusikken, men no er det flest aspirantar i skulemusikken. Då er det greit å heller ha noko å strekkje seg etter. Dei to overraska Harald med blomster, og nytta høvet til å takke for at dei fekk vere med.

– Du inspirerar oss, og utfordrar oss, sa dei to til Harald, som måtte love å dele blomsterbuketten med kona Mari Avdem.

Dåm på dialekt

Etter pausa var det duka for gjesteartistane Dåm. Kjell Marius Snipen kunne erklære at det var 24 år sidan han hadde vore i samfunnshuset på Dombås. Han og Øystein Haugan produserar musikken sjølve, Øystein står for musikken, Kjell Marius for vokalen.

– Han er lydmakaren, eg er pratmakaren, bruker vi å seie, sa Kjell Marius.

Dåm tok med publikum både «onde sole» og opp til Blåhøe på Dovrefjell, og inn i seg sjølve med meir sjølvransakande tekstar. Sjølvsagt på brei Dovre-dialekt.

Det vart og tid til ei bursdagshelsing på sparket, eit vers til ære for barndomskameraten, og tidlegare Ogobor-medlem, Sturla Hage som fylte 40 sundag.

Treia overraskinga

Mari Midtli hadde og bursdag sundag, og Svein Vatne fekk heile salen til å synge med i bursdagssong til 20-åringen på tampen av kvelden.

– Dette var nok største helsinga eg har fått nokon gong på bursdagen min, sa Mari etter konserten.