NRK flyttar Sommeråpent frå sjø til skinner i år. Konseptet "Sommertoget" skal vitja 40 stasjoner i 17 fylke på åtte veker i sommer. Statskanalen fortel om ei satsing somer ambisiøs og utfordrande.

– Folk i NSB og Bane NOR fortel oss at dette er ei meir komplisert og krevande oppgåve enn heile togavviklinga under Lillehammer-OL, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

Sommertoget må tråkle seg fram mellom utallige passasjer- og godstoga som alt trafikkerer det norske jernbanenettet.

– Samarbeidet med NSB og Bane NOR om tryggleiken på stasjonar og langs sporet er difor tett, seier Hellum.

Eiga helikopter

Ruta startar i nord med Rognan i Nordland som fyrste stopp 27. juni. Åtte veker seinare rullar Sommertoget inn på endestasjonen Sarpsborg i Østfold.

– Historia om jernbane-Noreg er på mange måtar historia om kvifor me bur der me bur, seier Thomas Hellum.

NRK skal sende Sommeråpent direkte frå perrongen kvar kveld, og Reiseradioen sender direkte frå stasjonen kvar morgon før avgang. Sjølve togturen blir - i beste sakte-TV si ånd - sendt minutt for minutt før toget kjem til neste stopp. Ruta går og om Raumabana, med stopp i Åndalsnes.

Alt blir filma og styrt frå toget, men NRK har og med eit eige helikopter som skal filme omgjevnadene.

Toget kjem til Dombås frå Oppdal, reiser om Raumabana, før det stopper på Vinstra, og så Moelv.

NRK ynskjer tips om ulike lokale artistar, hendingar, kultur, mat og drikke, landskap og bygdene.