Klokka var ikkje bikka 11.00 før bokinteresserte strømma inn dørene på gamle Hjerleid bibliotek. Både bøker og kake fekk føt å gå på. Spesielt blant bøkene med lokalt stoff var det mange som fekk sikra seg ein skatt. Dovre folkebibliotek si avdeling på Hjerleid stengte i sommar dørene. Det som sto att vart tilbydd interesserte til ein god pris. Mange fekk fylt opp i bokhyllene sine.

- Vi har hatt over 40 personar innom her første timen. Det er artig at det er så stor interesse, kunne bibliotekar Bodil Vorkinn fornøgd fortelje.

Sjølv om mange av dei gjekk ut med både to og tre posar, var det fortsatt mange bøker av alle slag att i hyllene.

Lokalhistoriske kupp

Ein av dei som var tidleg ute var Audun Bjørnsgard. Han er opprinneleg dovring, busett på Dovre. Han har feriehus i området, og var spesielt interessert i lokale bøker.

- Eg veit regjeringa overnatta i det huset når dei var på veg vestover under krigen, så det er interessant å finne stoff om krigen, sa han.

Bokhaugen hass innheldt bøker frå eit vidt spekter.

- Ja, så er det artig å berre kikke. Eg må gå gjennom det etterpå, sa han.

Nokre posar med bøker rikare vart også Hans Jakob Dahl. Også her var lokale bøker i høgsetet.

- Eg fekk med meg eit par bøker av Ragnar Solberg. Og ikkje minst av Ivar Kleiven, sa Dahl.

Han hadde også noko av eige forfattarskap i bunken, rett og slett fordi dei ikkje er å få tak i meir. Han samla også bøker til prosjektet om kongevegen over Dovrefjell, som startar opp 1. april.

Klassisk og fjerting

I barneavdelinga hadde både Dovre skule og barnehage fått plukka ut det dei ville, likevel var det mange titlar att. Birgit Bergs-Angard og Sissel Elvestad Øwre sto begge med nasen godt inne i bokhyllene.

- Eg ser etter barnebokklassikarar, men også andre ting, seier Birgit, og syner fram evigvarande Astrid Lindgren, men også «Prinsessen på fjerten.»

Øwre hadde med seg tre poser heim.

- Eg har ein som gjerne ville ha «Svein og rotta»- bøker, noko eg fann mykje av. Og dessuten fann eg «Ord og uttrykk frå Dovre», som eg har ønska meg lenge, sa ho.

Øwre er rektor ved Dovre skule, som no har mista sitt nærbibliotek.

- Det er synd at det ikkje er eit tilbod her, men vi har eit god samarbeid med biblioteket og eit godt skulebibliotek. Vi har eit sterkt fokus på lesing, seier Øwre.

Ho er glad for godt samarbeid med folkebiblioteket, og at bibliotekarane gjerne kjem på besøk til skulen.

Eit bokkupp frå den lokale forfattaren Ragnar Solberg.
Bodil Vorkinn, Hans Jakob Dahl og Audun Bjørnsgard i triveleg bokprat.