Over 280 born og unge deltek på UKM – der Ung Kultur Møtes – i helga. Det er eit breidt spenn av artistar og kunstnarar, frå song og dans til teater, film, forfattarar og målarar.

Fredag og laurdag kveld er det seniormønstring. På dagen laurdag er det juniormønstring, for dei yngste deltakarane.

VurderingEit fagpanel gjev alle deltakarar skriftleg attendemelding etter dei har vore på scena, eller hatt utstilling i foajeen. Nokre vil bli vald til å vere med vidare, til fylkesfinala og kanskje heilt til landsfinala. Arrangementet er arrangert av ungdommar sjølv, dei som er unge arrangørar i år er Stina Nyhagen frå Dovre, Anna Øihusom frå Sel, Idunn Maria Brosset frå Skjåk, Julie Garmo frå Lom og Åsne Sørlie-Nordnes frå Vågå.