Den neste Ungdomsmusikalen i Nord-Gudbrandsdalen er basert på Lars Bakke og Lomsk si plate «Amerikabrevet». I april neste år er det urpremiere. Plata «Amerikabrevet» handlar om utvandringa til Amerika frå Nord-Gudbrandsdalen. Lomværen Lars Bakke har skrive tekst og laga all musikken til denne utgjevinga, og det er desse tekstane som blir utgangspunktet i neste års ungdomsmusikal.

Ferskt manus

Arnulf Haga frå Verdal er utfordra til å skrive manus, medan Arild Halvorsen frå Hamar skal vere regissør. Haga har skrive manus til musikalen «Levva Livet» basert på Åge Aleksandersen sine tekstar, som har stor suksess i desse dagar. Han er utfordra til å sette tekstane i «Amerikabrevet i samanheng med det skjer i verda i dag, med flyktningar og innvandring. For å få handlinga til å henge saman må det skrivast nokre nye sangar.

- Noko arbeid må nok til ja, sa Lars Bakke under pressekonferansa på Otta fredag.

For heile regionen

«Amerikabrevet», som er arbeidstittelen på musikalen, har urpremiere i Otta kulturhus 20. april 2018. Tidlegare år har Ungdomsmusikalen vore innkjøpte, ferdige musikalar. For fyrste gong skal nå arrangørane Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal setje opp sin eigen musikal. Budsjettet er 1,9 millionar kroner, og ungdommar mellom 15 og 25 år er velkome til å vere med.