Sofia Marie Bang Elm får to mål med jord til disposisjon på Avdem. Ho har starta eige foretak, Avdem Gardsgrønt. Ho vil starte i det små, og selge lokalt på Avdemsbue, og kanskje til spisestader. Målet på sikt er å kunne selge kasser med grønt som ei abonnementsordning.

– I år skal vi dyrke 30 forskjellige grønsakar, for å sjå kva som trivs, seier ho.

Fyrste året blir eit testår, men ho trur det er mykje som kan vekse på Lesja. Ho bur i Aurland saman med kjærasten Hans Avdem, som går skule der. Sofie Marie er utdanna agronom, og har vore med å arbeidd på ysteriet.

– Vi startar med å plante ut i mai. Men vi må plante i drivhus før det, og har fått låne plass på skulen, fortel Sofia Marie.

Ho har sjølv gått på Sogn jord- og hagebruksskole, der Hans går no.

Ny ost

Grønsakar er ikkje det einaste som er nytt på garden. Avdem Gardsysteri har hatt Maria Ballhaus for å ha internkurs denne veka. Det har resultet i prøveproduksjon av ein ordentleg fjellost, med teknikk frå alpane.

Teknikken er den same som seterstølar i alpane har nytta for denne type ost. Maria forklarar at det er ei moderne tilpassing for ysteriet på Lesja. Ho har arbeidd på setrer i alpane, og i Norge.

Ho er læraren til Hans Avdem på skulen i Aurland, og kjenner til ysteriet gjennom interesseorganisasjonen Norsk Gardsost. Maria nytter vinterferien sin til å halde kurs på Avdem.

– Skulen er kompetansesenter for småskalaproduksjon, forklarar Maria.

Åse Haugstad Avdem fortel at det er svært viktig for dei som produsenter å ha moglegheit til å nytte seg av deira kompetanse.

Ikkje «Far Sigurd»

Den førre nye osten i produksjonen var Mor Åse. Den nye vil verei slekt med Fjelldronning, men ein fastare type. Dei håper den vil vere i sal til jul. Dei vil produsere meir etterkvart, men er klare på at dei må prøve seg fram for å sjå kor osten blir.

– Vi tenkte det kunne vere interessant med ein ny ost, som kunne lagrast enno lengre, seier Åse.

Osten har ikkje fått namn enno, og vi spør om «Far Sigurd» kan vere eit alternativ.

– Det blir det garantert ikkje, ler Sigurd Avdem.

Maria Ballhaus og Sigurd Avdem med den nye osten, som no skal ligge til modning i vel eitt år.