Ola Jo Botheim og Asbjørn Bentdal:

Dette meiner Ola Jo Bottheim og Asbjørn Bentdal er feil. At dei skal sanerast som ein del av restaureringa i skytefeltet, tykkjer dei er skrekkjeleg å tenkje på.

– Det er respektlaust ovanfor dei som la ned mykje arbeid med å bygge opp setrene, meiner dei.

Høyrde til gardane

Dei har kjempa for setrene tidlegare. Aller helst vil dei at dei skal bli ståande for å kunne restaurerast. Nest ynskjer dei at dei skal kjøpast attende til gardane. Forsvaret kjøpte setrene i 1960. Dette var under ein viss tvang med trussel om ekspropiering, fortel Ola Jo og Asbjørn.

– Det var ikkje skrive noko om attendeføring, det var vel ingen som tenkte over at det ville bli rydda i det omfanget det blir i dag, seier dei.

Gardane fekk ein sum for vegen og setrene. Bentdal si seter var bygd i 1932, og Asbjørn hugsar at dei frakta dyra ned att frå fjellet med jernbana. Det var drift på Bentdalssetre til 1946, etter dette var det kun hausting av avling.

Arbeidet med Rolstadsetra vart starta av Ole J. Rolstad 1871. Då hadde staden allereie vore nytta som felæger i mange år, men det er uvisst kor lenge.

Synleg bevis

At rapporten frå Norsk Institutt for Kulturminneforskning, som er eit av grunnlaga for verneplanprosessen for skytefeltet, ikkje meiner setrene har større verdi, meiner dei to ikkje er vond vilje, men mangel på kunnskap. Sjølv om dei «ber preg av offentleg eie og har lite personleg preg», sit historia fortsatt i veggane. Innleiingsvis i verneplanutkastet, som no er på høyring frå Fylkesmannen, står det at verneverdiane er knytt til mellom anna kulturminner.

– Setrene er dei einaste setrane i det som var skytefeltet, påpeiker Ola Jo og Asbjørn.

Det er rester etter felæger fleire stader i det som var Hjerkinn skytefelt.

Dei undrast på korleis forfedra har klart å bygge opp setrene på slutten av 1800-talet. Dei har måtta frakte inn materiale om vinteren, men overnatta på Hjerkinn, trur Ola Jo. Han har funne dokumentasjon på at Ole hadde god kontakt med Johan Hjerkind, som dreiv fjellstua på denne tida.

Ideen kom då Ole såg at kyrne som hadde beita der vart feitare og finare. Han hadde opp mot 20 mann å mette og halde i arbeid, og såg verdien av ei seter høgt til fjells.

– Motivasjonen vart ein annan for dei som arbeidde. Dei fekk meire smør og ost når det var lite av anna mat, seier Ola Jo.

Det var svært hardt arbeid.

– Men grunnen til at dei klarte å få 5-6000 folk her i bygdene på denne tida, var utmarksbeitet, slår han fast.

Når det gjeld auka press på området, meiner dei at dette ikkje er noko nytt.

– Det var ni felæger innanfor skytefeltet på Hjerkinn. To av dei veit vi ikkje kvar var ein gong. Nokre av desse hadde opp til 200 dyr på eitt felæger, fortel Ola Jo.

Avventar verneplan

Pål Skovli Henriksen i Forsvarsbygg, prosjektleiar for restaureringsprosjektet på Hjerkinn, fortel at dei ikkje vil gjere noko med setrene før det er avklart i verneplanen.

– Fagfolk meiner desse ikkje er verneverdige, og vi forheld oss til det. Før verneplanen er handsama vil vi ikkje avhende bygningane, men halde vedlike det som er mest naudsynt, seier Skovli Henriksen.

Han viser til at det er Fylkesmannen si oppgåve å avvege ein del ting, men peiker på at både rivekostnaden og eventuelle salsinntekter for setrene vil vere relativt låge.