Fredag 21. april startar Firo og DDS helgas konsertturné på Dombås samfunnshus.

Firo har plåteslepp denne helga, folkemusikkgruppa består av Mari Midtli, Mads Erik Odde, Bjørn Kåre Odde og Øyvind Sandum. Midtli er dirigent for koret, og fleire av folkemusikksongane er arrangert for kor av Bjørn Erik Odde.

– Dette er nyskaping til tusen, seier leiar for DDS, Harald Berg.

Frå skattekista

Kvartetten Firo framfører eigenarrangert tradisjonell folkemusikk etter dei store kjeldene innanfor vokalmusikk og slåttemusikk frå Gudbrandsdalen. Konserten Arv og slarv bygger på dei mange forteljingane i den norske folkemusikken.

– Vi har henta både lokale og nasjonale skattar. Firo og DDS ynskjer å vise spennet i det norske repertoaret, som strekkjer seg frå alvorlege religiøse folketoner, til skjemt og sarkasme i skillingsvisene, fortel DDS og Firo om konserten.

Dei lover ein nyskapande konsert, med lokale og nasjonale musikkskatter. Konserthelga held fram på Otta laurdag og Lom sundag.

Folkemusikkgruppa Firo består av Øyvind Sandum (t.v.), Mads Erik Odde, Bjørn Kåre Odde og Mari Midtli.