Lesja sjukeheim søkte om penger for å kunne kjøpe nye løftestolar til stugune. Frå pengane frå den tidlegare sjukebildrifta, som forvaltas av sjukepleielaget og sanitetsforeninga, vart det seks nye lenestolar.

– Dette betyr velig mykje for oss, seier sjukepleiar Jenny Imenes-Nyløkken.

Fleire formål

Sjukepleielaget har sjølve gjeve penger til nytt servise til sjukeheimen, samt donert inntektane til loddsalet under årsmøtet. Det blir brukt på eit trivselstiltak på sjukeheimen, til dømes sansehagen.

Sjukepleielaget hadde undergrupper som famna heile bygda før, men no er det kun Nordmo og Lora som er aktive. Saman med Lesjaskog sanitetsforening har dei gjeve midlar til mange formål i bygda sidan drifta av sjukebilen vart fløtt frå dei to laga.

– Vi gjev til tiltak som er til det beste for bygda, forklarar Mette Hole og Rigmor Stavheim frå sjukeplelaget.

Fredag var dei samla til kaffe og vafler på sjukeheimen som takk for gåva. Dei seks stolane er fordelt i Stugu, Ny-Stugu og Iver-Stugu.

Letter arbeidet

Stolane er elektriske, og kan heves opp i nesten ståande stilling. Det er veldig bra for bebuarane som har fleire moglegheiter til å sitte godt, men og for dei som arbeider på sjukeheimen.

– Mange blir ofte sittande i ein rullestol, og det å ha ein god stol å variere på, betyr mykje, seier Jenny.

Og med løftemekanisma slepp dei unna slitasje på armar og bein hjå dei eldre når dei skal løftes ut av stolen. Og personalet slepp unna tunge løft.

Stolane kom på plass etter nyåret, og kosta totalt 60 000 kroner.