Ho avløyser Maria Kampesæter Kleiven (28) som har hatt stillinga sidan 2013. Kampesæter Kleiven sa opp si stilling i januar i år, og Helset tek over frå 15. juni 2017.

Helset har arbeidd som journalist i Vigga sidan 2008, og har ei solid erfaring og kunnskap innanfor journalistyrket. Ho er busett på Lesjaskog, og har god kjennskap til liv og levnad i både Lesja og Dovre kommuner.

– Dette er eit område og eit produkt eg kjenner godt. Eg gler meg til å ta fatt på utfordringa om å fortsatt lage ei god lokalavis, saman med dei andre tilsette i Vigga, seier Helset.

Styret i Vigga er glade for at Helset tek jobben som redaktør og dagleg leiar. Ho har arbeidd i Vigga i fleire år og kjenner både lokalavisa og lokalmiljøet i Lesja og Dovre godt.

– Dette er vi svært nøgde med, seier styreleiar Asta Brimi.