Sjølv har ikkje Astrid heilt teke inn over seg at det er over. Dei siste vekene med sal har vore hektiske.

– Det er vemodig, seier ho.

Det er fem år sidan Astrid bestemte seg for å tre av i 2017.

– Eg visste at då fyller eg 62, og leieavtala gjekk ut i år. Og eg tenkte at eg vil ikkje vere med på ei ny forhandling om avtala, seier ho.

Men at butikken no blir lagt ned, tykkjer ho og dei andre er trist.

– Kva for eit signal sender vi til turistane som kjem, når dei møter stengde lokaler, seier ho.

Dei meiner det er eit tilbod som blir sakna på Dombås.

– Det gjev ringverknader for dei andre butikkane, når folk fyrst reiser ein anna stand, handlar dei meir der, trur Grete Odden.

– Vi lærte fort at vi kunne ikkje sette bort vinterkleda før etter Den store styrkeprøven i juni, skildrar Astrid, vêret kan vere lunefullt over Dovrefjell.

Gode kolleger

May-Britt Melien har vore kollegaen til Astrid sidan august i fjor.

– Eg er veldig glad for at eg har arbeidd med May-Britt. Det har gjort tida lettare. Det er eigentleg synd vi ikkje har fått halde på lengre eg og du, seier Astrid.

Det er mykje humør hjå damene, og no når det lir mot slutten kjem gjerne galgenhumoren fram og.

– Astrid er ei herleg dame. Ho er støtt blid og positiv, seier May-Britt, som er glad for å ha fått seg arbeid både hjå Frichs Conditori og Bunnpris på Dombås.

Det kjem fram mange historiar frå årevis bak skrankene i Coop- bygget frå dei gamle kollegaene. Kunder av alle slag har vore innom. Då Astrid starta i kiosken i fyrste etasje, selde dei både tobakk, medisin, blad og anna.

– Ein lokal kar kom innom og skulle ha ei gåve til kona. Eg kom med mange forslag, men det var liksom ikkje noko som passa meinte han. Så sa eg «du fe fårå heim å knyte på´n ei sløyfe», seier Astrid lattermildt.

Om karen overraska kona med sløyfe på utstyret sitt veit ho ikkje, men både ekteparet og kollegaene fekk ein god latter etterpå.

Og ein kollega på kiosken spurte frustrert kva slags «katt» ein kunde skulle ha, då ein vestlending som spurte etter «vegkart» på brei dialekt.

Astrid var med på flyttelass opp i tredje etasje, før det etterkvart vart flytta ned til andre. Det har vore bokhandel, skobutikk og manufaktur. Den noverande 2. etage har hatt alt frå klede, sysaker til leiker og kontor- rekvisita.

– Eg jobba meg opp, og så vart eg sendt ned att, ler ho.

Helene skal ha uttala ein gong at «no blir eg ikkje med på ei flytting til», men det har visst vore både ein og to flyttesjauar sidan.

– Den verste dagen var den 11.11.2011. Då var lokalet vårt halvert på grunn av banken, og det var så trongt, og så mykje varer, seier Astrid.

Men også det gjekk seg til.

– Dei fem siste åra har vore dei verste, men og dei beste. Eg har funne ut at «Astrid, du dug». Eg har lært meg å stole på meg sjølv, og kunne bydd meir på meg sjølv, seier ho.

No tek ho fatt på pensjonist- livet, saman med mannen Kjell.

– Eg skal ha ferie til ut i september, så får vi sjå, seier ho.

Om ho skulle bli rastlaus, har ho «truga» med å hjelpe til i fjoset hjå nevøen til Kjell.

Lokala står no tomme. Admini-strerande direktør i Coop Inn- landet, Olav Rønningen, fortel at dei har interessentar som har teke kontakt. Han ynskjer ikkje gå inn på kva bransje det er prat om.

– Vi har hatt innleiande sam- talar med ein interessent. Vi har signalisert at vi ynskjer å selge inventar og utstyr til ein fordelaktig pris for eventuell oppstart av ei ny verksemd, seier Rønningen.

Kollegaer: Bak f.v.: Inger Bekken, Oddrun Svendsen, Arnhild Bjørkli, Grete Odden, Astrid Moen og Helene Nyløkken. Sittende foran er May-Britt Melien.