For 30 år sidan var Anne Karin Riise student i Bø i Telemark. Ein dag fekk den da 20 år gamle jenta ein telefon frå mor Eldrid Riise heime på Lora. Ho hadde sett på dei tome lokala i kommunehuset i Lesja sentum, og synes at dette var trist.

- Skal vi ikkje starte med noko? Blomsterbutikk kanskje, sa den eldre Riise til den yngre Riise.

Som sagt så gjort. Vegen var ikkje lang før dei første blomstra gjekk over disk på Blomsterstugu, 1. juli 1987.

Gode kundar

Anne Karin kunne ingen verdens ting om blomster. Ho hadde eit par opplærings- kveldar saman med Laila Holsbrekken.

- Ho hadde arbeidd i blomsterbutikk i Oslo. For oss var det utdanning god nok, ler ho.

Noko av det første ho lærte seg var at det er forbudt å ha gule blomster og brudeslør i sorgbinderi. I åpningsåret var det roser, brudeslør og freesia som var på moten.

Åpningsdagen står att i minnet som ein lang og artig dag, med mykje folk. Ho hugsar godt når kassa skulle gjerast opp på slutten av dagen. På kassalappen lyste summen 10 000 kroner.

- For meg var det kjempe- mykje pengar den gongen, fortel ho.

Lesjingane var langt i frå tregstarta når det kom til å bruke butikken. Markedet var der, kundane kom og har vore der heile vegen.

- Eg må skryte av kundane våre. Dei er gode, og har vore det heile tida, seier Anne Karin.

I starten dreiv ho sjølv, med noko hjelp av mor Eldrid. Da førstefødte Erland skulle koma til verda i 1991, vart den første ansettinga gjort. Sidan da har antal ansette auka jamt og trutt. I dag er det ei av Lesjas største bedrifter, med 17 personar på lønningslista.

Tredelt verksemd

- Det artigaste var nok å eige det sjølv. Det at det var mitt. Og at du vart kjent med folk, seier Anne Karin.

- I dette yrket her selg du ikkje berre ei vare. Du vert ordentleg kjend med kundane, skyt Olaug Lien Einbu inn.

I dag er det ho som er dagleg leiar og styrer butikken. Anne Karin arbeider som lærar på ungdomsskulen på Dombås. Og det er ikkje «berre» ein blomsterbutikk meir, no er alternativa enten blomster- butikk, kafe eller begravelsesbyrå når du ringjer dei. Ein kombinasjon som i følgje dei to fungerer godt. Kafètanken kom da dei skulle over i nye lokal i 2013. På denne tida var det ikkje serveringsstad i sentrum. Styremøtet var nesten over da mor Eldrid sa; «Vi skal ikkje starte kafé da?»

- Eg trur alle hadde tenkt det, berre ikkje sagt det. Så da måtte vi berre fortsette møtet, seier Anne Karin.

Begravelsesbyrået har vore ein tanke som har modna lenge, men som først begynte å spire da Olaug sin sambuar Pål Rindal meldte interesse for arbeidet.

- Alle tre delar er like viktige, seier dei.

For framtida

Det er store endringar frå startet for 30 år sidan, men grunnmuren er den same. Til andre som vil starte bedrift har Anne Karin desse tipsa å koma med.

- Du må vera måtehalden. Og du må arbeide mykje for ikkje så mykje lønn. Du kan ikkje gå lei med ein gong det går litt trått. Da er det berre å leggje ein god plan og gå vidare. Det er artig å drive noko, og å eige noko sjølv, seier ho.

Det skal skje forskjellig nytt utover hausten. Quizkveldar, bokbytteskap og ein bruktkrok. Dei satsar på å stå sterkt framover også, ved hjelp av gode kundar.

- Ja, vi lurar på om vi har kome for bli no, ler dei to blomsterdamene.