Mogleg forseinka oppstart for NGRs søppelkøyringfrå nyttår:

– Det er ikkje så dramatisk som det kan høyrest ut til, understrekar Pål Sverre Andgard til avisa Fjuken.

Leiaren i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR) fortel at mykje er på plass. Mellom anna er det tilsett sju renovatørar til å utføre jobben, og fire renovasjonsbilar er bestilt.

Skal køyre sjølve

NGR vart etablert i 1997 av norddalskommunene Dovre, Lom, Skjåk, Sel og Vågå. Lesja vart med i 2003. I dag er det Tenden Transport AS og Bjarne Øverland AS som har anbodet på søppelhentinga hjå private husstandar, men i fjor bestemte NGR at dei sjølve skulle utføre denne tenesta i kommunane frå januar 2018. Søppelhentinga har tidlegare vore sett ut på anbod.

Ikkje klare

– Per i dag er vi ikkje klare for oppstart frå 1. januar. Vi har skrive kontrakt og bestilt renovasjonsbilar, men det kan sjå ut som at vi ikkje får bilane vi skal bruke tidsnok, sidan det er noko leveringstid på desse, fortel Pål Sverre Andgard.

Som ei fylgje av dette, fortel leiaren i renovasjonsselskapet at det kan bli aktuelt med ei kortvarig forlenging av avtalene med dei som har anbodet på søppelhentinga i dag.

– Om vi ikkje får bilane tidsnok, kan dette bli aktuelt for ei periode til alt er på plass, seier Andgard.

Sju har takka ja

NGR har tilsett sju renovatørar i samband med at dei tek over søppelkøyringa frå neste år.

– Vi fekk inn 54 søknader til dei ledige stillingane, og vi er godt nøgde med responsen i marknaden. Mange av søkjarane var godt kvalifiserte, seier Pål Sverre Andgard.

Fylgjande sju personar har takka ja til tilbod om stilling som renovatør:

Alf Rune Melby (Skjåk), Torstein Sperstad (Skjåk), Frode Gjeilosjordet (Skjåk), Kjell Magne Lunna (Lom), Arild Nordheim (Lesja), Kjell Joar Tråsdahl (Trøndelag) og Hans Petter Lunde (Lesja).

Førebels står ei åttande stilling ledig. Her vil NGR tilsette ein person i løpet av hausten.