I to år på rad har regionen fått støtte til breibandsutbygging. I år gjekk heile potten i Oppland til utbygging på Hadeland. Dermed vert det stopp i planane. Det bekymrar den politiske leiinga i Nord-Gudbrandsdalen.

Bekymra leiar

- Vi er bekymra over utbyggingstakta av breiband etter at det vart kjent at vår søknad til det statlege tildelingsdirektoratet NKOM ikkje fekk gjennomslag, seier regionrådsleiar og ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) fordeler tilskot til breibandsutbygging i kommunar som har dårleg dekning, for at fleire kan få eit tilbod av god kvalitet i område der kommersielle aktørar ikkje finn det lønnsamt å byggje ut. Nkom fordeler midla ut til fylka, dei prioriterer mellom ulike prosjekt.

- Vi vil nå ta initiativet til eit arbeid saman med fylkeskommunen for å leggja ein felles strategi for vidare utbygging. I ein slik strategi må vi sjå på moglegheita for at både kommunane og fylkeskommunen går inn med eige finansiering, samt vurdere alle tilgjengeleg tekniske løysningar, seier Holø.

Ut til alle

Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har gjennom sitt samarbeid RegionData, vedteke at regionen skal være fulldigitalisert innan 2020. Dette betyr at alle tenester som kan løysast elektronisk, skal digitaliserast. Ein avgjerande føresetnad for at dette skal kunne lykkast, er at infrastrukturen er på plass, slik at brukarar av kommunale tenester faktisk har moglegheit til å få utført oppgåver elektronisk.

- I Nord-Gudbrandsdalen er det store område der det ikkje er stabilt nok nett til at skuleelvane får levert sitt skulearbeid på digitale innleveringssystem. Mange innbyggarar har og problem med å bruke nettbank på enkelte tider av døgnet, seier regionrådsleiaren.

Ikkje tid

Han fortel at ein vesentleg del av reiselivsnæringa melder om store utfordringar grunna svakt nett, både for eige bruk og til sine besøkande. Store delar av landbruksnæringa har og dårleg nett. Eit moderne gardsbruk har i dag heilt andre krav på seg med tanke på rapportering, styringssystem og driftsrelaterte oppgåver som i større grad vert digitalisert.

- Vi har såleis på vegne av våre innbyggjarar og næringsliv ikkje råd til å vente på nye søknadsrundar, seier ein utolmodig regionrådsleiar. Vi må brette opp ermene og invitere til ein skikkeleg dugnad og spleiselag, samtidig som vi skal presse på statlege myndigheiter og aktuelle leverandører av nettløysningar, seier Holø.

Alt til Hadeland

Telenor vann anbodskonkurransa for utbygging av midlane som vart tildelt frå Nkom i etter tildelinga i fjor. Dei byggjer ut område i Lesja, Sel og Dovre i 2017. Områda i Ottadalen blir utbygd i 2018. Kommunane har valt ut eit område i sin kommune for utbyggjing. Under eit felles formannskapsmøte for heile regionen tidlegare i år vart det advart mot at andre utbyggjarar enn den som har fått anbodet får byggjer ut indrefiletar i kommunane med mange husstandar, fordi det da vert dyrare å få bygd ut til resten. I år bevliga Stortinget 138,7 millionar kroner, desse vart fordelt på 40 prosjekt. Det kom inn 142 søknader. Gjennomsnittleg tilskot for kvar husstand er rundt 10 000 kroner. Heile potten på 15 280 000 kroner som vart fordelt til Oppland gjekk til utbygging på Hadeland.