No er dette tatt tak i på nytt.

- Eg har sendt inn bestilling, og skal kvalitetssikre at dette vert gjort, seier Roar Holten, rådgjevar i Statens Vegvesen, region øst.

Han har overteke ansvaret for området etter sommaren, og kan ikkje seie kva som har skjedd eller ikkje skjedd i saka.

- Det kan vere at bestilinga ikkje har vorte sendt inn eller at entreprenøren har vorte borthefta på ein eller annan slags måte, seier Holten.

Han seier at alt er i orden med skiltvedtaket på fv. 491. Gangfeltet er frå 1992, Statens Vegvesen kan ikkje sjå om det har vore skilt der tidlegare.

Det er to fotgjengerfelt ved Dovre skule. Eit over mot Jetta kafeteria, og eit frå skulen og over mot Dovre senter. Det er ved sistnevnte gangfelt at skilta manglar. Trafikkoordinator og lærar ved skulen, Ådne Evjen, kan vise ei korrespondanse mange år attende i tid. Breva går mellom skulen, kommunen og vegvesenet. I 2012 vart det gjeve beskjed om at skilt skulle på plass, likevel skjedde det ingenting.